Beredskapsrådet
Kommunane har eit generelt og grunnleggjande ansvar for ivaretaking av innbyggjarane sin tryggleik. Beredskapsplikta er forankra i Sivilbeskyttelsesloven Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og utdjupa i tilhøyrande forskrift.
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Beredskapsrådet er kommunen sitt samarbeidsorgan i beredskapsspørsmål mellom kommunale, statlege myndigheiter og frivillige organisasjonar på kommuneplanet, og er eit forum for gjensidig informasjonsutveksling om status på beredskapsområdet i den enkelte verksemd. I rådsmøta blir i tillegg til dei fast møtande, andre verksemder innan nærings- og
samfunnsliv innkalla etter behov og ynskje. Beredskapsrådet har vanlegvis eitt møte i året.
Beredskapsrådet har fylgjande samansetjing
- Ordførar - leiar
- Kommunedirektør
- Kommuneoverlegen
- Politikontakt
- 1 representant frå Fylkesmannen i Vestfold Telemark, Samfunnssikkerhet og beredskap
- 1 representant for Sivilforsvaret
- 1 representant frå Vinje Haukeli raude kross
- 1 representant for Vest-Telemark brannvesen
- 1 representant frå Vest-Telemark kraftlag
- 1 representant frå Rauland kraftforsyningslag
- 1 representant frå Universitetet Sørøst-Norge
Beredskapsrådet sine oppgåver
- Inngå avtaler om samarbeid
- Finne felles løysingar
- Gje gjensidig informasjon om beredskapstilhøve
- Gje råd til bestemmande myndigheit på kommuneplan
- Ta initiativ til beredskapsførebuingar
Sist oppdatert