Eigenberedskap
Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst sju døgn dersom straum og vatn plutseleg blir borte?
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen. Dette er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise.
DSB har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted.. Her finn du mellom anna forslag til eit beredskapslager for å klare deg heime i minst sju døgn.
- Her finn du Informasjon på andre språk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Her finn du informasjon om eigenberedskap ved funksjonsnedsettingar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Her finn du eigenberedskapsråd for sårbare grupper og pårørande Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sjekkliste for eigenberedskap
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved, dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og fullada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
Om straumen og mobilnettet blir borte
Når straumen blir borte, forsvinn ikkje berre ljoset, men også elektrisk oppvarming og høve til å varme mat og vatn. Straumen kan bli borte i opptil fleire dagar. Er du førebudd?
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap delar sine råd om korleis du kan førebu deg på straumbortfall. Les meir om det her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Mobilnettet kan også falle ut. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har råd til korleis du kan førebu deg på sida om utfall i mobilnettet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ved større straumbrot blir liv og helse fyrst prioritert, og det kan ta tid før du får straumen tilbake. Difor bør du vere førebudd på å klare deg utan straum i fleire dagar. Tenk gjennom kva du brukar straum til i kvardagen, frå du står opp til du legg deg. Er det noko av dette du ikkje ville klare deg utan?
Med desse enkle grepa er du betre førebudd på at straumen forsvinn.
Oppvarming
Ein vedovn eller ein peis er vanlege alternativ til straum som oppvarming. For deg som har desse alternativa i hus, sørg for å alltid ha eit minimum av ved på lager. Hugs også ekstra fyrstikker eller ein lighter i reserve. Det finst parafin- og gassovnar som er berekna på husstandar utan høve til anna fyring.
Mat og drikke
Vassforsyninga kan også bli borte når straumen går. Du bør difor alltid ha reint vatn lagra på kanner eller flasker. Til koking og steiking kan du bruke propanapparat og stormkjøkken.
Maten i frysaren kan bli øydelagt om straumen er lenge borte. Her kan du lese om korleis du held frysaren kald lengst mogleg Lenke til et annet nettsted.
Ljos
Ha ei eller fleire lommelykter lagra på ein fast og lett tilgjengeleg stad. Ekstra ljospærer og batteri er også lurt å ha. Stearinljos og oljelamper er viktige alternative ljoskjelder. Om du nyttar oljelampe bør du også ha ekstra lampeolje på lager.
Batteriradio
Med ein batteridreven radio får du høyrd nyheiter og meldingar frå styresmaktene. Om du har bil kan du også bruke radioen der.
Naudstraum
Er du kritisk avhengig av straumforsyning? Med eit naudaggregat er du mindre sårbar for straumbrot.
Eit aggregat er ein motor som går på bensin eller diesel, og som produserer straum. Det finst fleire naudstraumsaggregat på marknaden. Desse får du tak i på byggevarehus og jernvarehandlarar.
Eit aggregat brukar mykje drivstoff. Skal du oppbevare drivstoff heime, bør du gjera naudsynte brannførebyggjande tiltak. Les meir om det her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Jodtablettar ved atomhendingar
Det er tilrådd å ha jodtablettar som ein del av eigenberedskapslageret i heimen. Dette gjeld spesielt for dei som har husstandsmedlemar under 40 år. Du får kjøpt jodtablettar reseptfritt på apoteket.
Kommunen har òg jodtablettar i beredskap som kan delast ut ved atomulukker. Ved ei slik hending vil innbyggjarane få beskjed om kvar jodtablettar kan hentast.
Du skal vente med å ta jodtablett til Kriseutvalet for atomberedskap gjev råd om det.
Sist oppdatert
