Informasjonspunkt i Vinje

Ved bortfall av elektronisk kommunikasjon og langvarig straumbrot vil Vinje kommune opprette faste informasjonspunkt.

Kva er bortfall av elektronisk kommunikasjon (ekom)?

Bortfall av elektronisk kommunikasjon betyr at du ikkje kan ringe, bruke mobilnett eller internett.

Bortfallet kan mellom anna oppstå etter straumbrot, teknisk svikt, dataangrep eller naturhendingar.

Informasjonspunkt

På informasjonspunkta kan du få naudsynt og viktig informasjon frå kommunen, og bli sett i kontakt med andre hjelpeinstansar om du har behov for det.

Det er viktig at du kun møter opp på desse punkta om det er høgst naudsynt.

Ved akutt behov for hjelp skal du framleis kontakte eller oppsøkje naudetatane der det er mogleg.

Tidspunktet for når eit informasjonspunkt blir oppretta er situasjonsavhengig, og det er kriseleiinga i kommunen som tek denne avgjersla. Det er lurt å gjera seg kjend med kvar dei faste informasjonspunkta våre er.

Ved kriser må kommunen prioritere

Ved alvorlege kriser må Vinje kommune prioritere dei som treng det mest.

Du som kan klare deg sjølv må vera førebudd på å gjera det så langt det let seg gjera, slik at kommunen får hjelpt dei som har større behov for hjelp.

Eigenberedskapsråda frå norske myndigheiter viser korleis me førebur oss på kriser, og kva me skal gjera ved ei krise.

Les eigenberedskapsråda her Lenke til et annet nettsted.

Information in English

Informationpoints

If the electricity, telephone network, and other electronic communication are unavailable for an extended period of time, you can go to one of our informationpoints. Here, you can receive information from the municipality and be connected with other support services if needed. It is important that you only go to these informationpoints if it is absolutely necessary and you need assistance.

In an emergency, you should still contact or go directly to the emergency services whenever possible.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?