Kommunen sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap
Norske kommunar har eit grunnleggande ansvar for å ivareta innbyggjarane sin tryggleik og sikkerheit, for miljøet, kritisk infrastruktur og andre samfunnsfunksjonar.
Kommunen skal utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og bidra til å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar.
Vinje kommune skal
- Ha oversikt over kva farar som kan true liv og helse, miljø, kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar i kommunen.
- Arbeide for å redusere risikoen gjennom risikoreduserande tiltak.
- Ha ei oversikt over lokale ressursar, både offentlege, friviljuge og private, som er tilgjengelege, og utarbeide koordinerte beredskapsplanar for å handtere ulukker og kriser.
Beredskapsarbeidet bygger på fire grunnleggande prinsipp
Ansvarsprinsippet:
Organisasjonen som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området.
Likskapsprinsippet:
Organisasjonen ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vera mest mogleg lik den organisasjonen ein har til dagleg.
Nærleiksprinsippet:
Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå.
Samvirkeprinsippet:
Styresmakter, verksemder og einingar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.
Beredskapsplanar
For å kunne handtere desse oppgåvene effektivt har Vinje kommune utarbeidd beredskapsplanar.
Dette er både overordna plan og detaljplanar. Beredskapsplanane er bygd på informasjon som er avdekka gjennom kommunen si heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse.
Kriseleiing
Kommunedirektøren er leiar for kriseleiinga i Vinje kommune. Ordførar er kommunen sin talsperson dersom ei krise har oppstått.
Kommunen si kriseleiing skal koordinere og leie alle kommunale tiltak når ei krise oppstår.
Ved behov for evakuering kan politiet pålegge kommunen å opprette eit evakuerings- og pårørandesenter (EPS).
Kriseleiinga består av:
- Kommunedirektør Jan Myrekrok
- Ordførar Jon Rikard Kleven
- Kommunalsjef for organisasjon og innovasjon, Margit Elise Karlsen
- Kommunalsjef for helse og meistring, Kari Dalen
- Kommunalsjef for teknisk drift og infrastruktur, Kjetil Vaagen
- Kommunalsjef for økonomi og samfunn, Gry Åsne Aksvik
- Kommuneoverlege Marius Opsahl
Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe som har ansvar for tidleg innsats ved kriser og katastrofer. Det psykososiale kriseteamet har i oppgåve å medverke til at involverte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfylging, og støtte frå det ordinære tenesteapparatet etter kritiske hendingar.
Sist oppdatert
