Slik kan du førebu deg

Ein viktig del av di førebuing er at du veit korleis du blir varsla om ei krise, og kvar du kan få meir informasjon. Ha ein plan for kven du kan be om hjelp, og korleis du kan hjelpe andre.

Med kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på informasjon om kva som skjer og kva du bør gjera.

Du vil finne meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale media. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå styringsmaktene.

Du kan også velje å fylgje Politiet i Sør-Øst 110 på Twitter, som er raskt ute med viktig informasjon.

Me legg ut informasjon på kommunen si nettside, og sender ut informasjon i innbyggjarappen vår om kva som har skjedd, kva du bør gjera og korleis du kan få hjelp frå kommunen.

For å kunne motta råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1, bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også er batteridreven.

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.

Informasjon på andre språk: 

Du finn informasjonsbrosjyre om eigenberedskap på fleire språk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.    
  • Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.   
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken.   
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.   
  • Fyrstikker og stearinlys.    
  • Ved, dersom du har vedomn eller peis.   
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.   
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.  
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.    
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.   
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).    
  • Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.   
  • Batteri og fullada batteribank.   
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.   
  • Mat og vatn til kjæledyr.  
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.   
Bilde av kva du treng til eigenberedskap
Bilde av kva du treng til eigenberedskap 

Når straumen blir borte, forsvinn ikkje berre ljoset, men også elektrisk oppvarming og høve til å varme mat og vatn. Straumen kan bli borte i opptil fleire dagar. Er du førebudd?

Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap delar sine råd om korleis du kan førebu deg på straumbortfall. Les meir om det her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Mobilnettet kan også falle ut. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har råd til korleis du kan førebu deg på sida om utfall i mobilnettet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ved større straumbrot blir liv og helse fyrst prioritert, og det kan ta tid før du får straumen tilbake. Difor bør du vere førebudd på å klare deg utan straum i fleire dagar. Tenk gjennom kva du brukar straum til i kvardagen, frå du står opp til du legg deg. Er det noko av dette du ikkje ville klare deg utan?

Med desse enkle grepa er du betre førebudd på at straumen forsvinn.

Ein vedomn eller ein peis er vanlege alternativ til straum som oppvarming. For deg som har desse alternativa i hus, sørg for å alltid ha eit minimum av ved på lager. Hugs også ekstra fyrstikker eller ein lighter i reserve. Det finns parafin- og gassomnar berekna på husstandar utan høve til anna fyring.

Vassforsyninga kan også bli borte når straumen går. Du bør difor alltid ha nokre liter vatn lagra. Til koking og steiking kan du bruke propanapparat og stormkjøkken.

Maten i frysaren kan bli øydelagt om straumen er lenge borte. Her kan du lese om korleis du held frysaren kald lengst mogleg Lenke til et annet nettsted.

Ha ei eller fleire lommelykter lagra på ein fast og lett tilgjengeleg stad. Ekstra ljospærer og batteri er også lurt å ha. Stearinljos og oljelamper er viktige alternative ljoskjelder. Om du nyttar oljelampe bør du også ha ekstra lampeolje på lager.

Med ein batteridreven radio får du høyrd nyhende og meldingar frå styresmaktene. Om du har bil kan du også bruke radioen der.

Er du kritisk avhengig av straumforsyning? Med eit naudaggregat er du mindre sårbar for straumbrot. Eit aggregat er ein motor som går på bensin eller diesel, og som produserer straum. Det finns fleire naudstraumsaggregat på marknaden. Desse får du tak i på byggevarehus og jernvarehandlarar.

Eit aggregat brukar mykje drivstoff. Skal du oppbevare drivstoff heime, bør du gjera naudsynte brannførebyggjande tiltak. Les meir om det her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dagens trusselbilde tilseier at jodtablettar kan bli aktuelt som tiltak ved atomhendingar over heile landet. Europas kjernekraftverk eldast og risikoen for alvorlege ulukker aukar. Ferdselen med reaktordrevne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande, og ei ulukke med eit slikt fartøy kan gje radioaktive utslepp som rammar Noreg. Fare for terroraksjonar har også auka. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar vera eitt av dei tryggjande tiltak som Kriseutvalet for atomberedskap tilrår.

Vinje kommune delar ut jodtablettar om det blir behov for det.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?