Byggesak

Digital byggesøknad for profesjonelle aktørar

Frå 1. juli 2025 er det ikkje lenger mogleg for profesjonelle aktørar å sende byggesøknader på papir eller e-post til Vinje kommune. De må sende søknaden frå ei digital søknadsløysing.
Søknader som kjem på papir eller e-post frå profesjonelle aktørar etter denne datoen, vil bli sendt i retur.

Private kan framleis sende inn søknader på papir og e-post.

Slik søker du

Digitale søknader

Du finn ein oversikt over nasjonale søknadsløysingar for både profesjonelle og private søkarar på Direktoratet for byggkvalitet si nettside.

Større byggetiltak og nybygg må ha ein ansvarleg søkar frå eit godkjent føretak. Ansvarleg søkar har ansvar for at søknaden er komplett.

Dette må du legge ved søknaden

  • Plan- snitt- og fasadeteikningar som er målsett.
  • Situasjonsplan som syner arealbruken på tomta og tiltaket skal vere teikna inn på planen/kartet.

Korleis skrive ut situasjonsplan/kartutsnitt

Nabovarsel

Tiltaket må vera nabovarsla før søknaden kan sendast inn. Nabovarsling kan gjerast digitalt.
Her er ulike plassar å hente nabovarsel frå:


Kontakt oss

Avdelinga for byggesak har telefontid måndag til fredag mellom klokka 12.00 og 15.30.

Ynskjer du å treffe ein av våre byggesakshandsamarar, kan det vera lurt å avtale tid på førehand. Du kan ringe eller sende e-post. Under kontakt oss finn du kontaktinformasjon til sakshandsamarane på byggesak.
Lenke til kontakt oss finn du her Åpnes i nytt vindu.

Fann du det du leita etter?