Registrer opplysningar om eigedomen din sjølv

Du som er eigar og festar av bustad eller fritidsbustad, kan sjølv registrere opplysningar om eigedomen din i Eigedomsregisteret hos Kartverket.

Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve.

Kvifor er dette viktig?

Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i Eigedomsregisteret som ein del av sitt arbeid. Fordi rutinene har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte.

Ved å oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, er du med på å sikre at dei er korrekte. Det kan gi deg rektigare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. I tillegg får mellom anna naudetatar, planleggjarar og andre aktørar eit betre grunnlag for avgjerdene sine. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.

Slik gjer du det

Du kan registrere byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du hente frå salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke eigen kjennskap til bustaden.

Eigenregistreringa er frivillig og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli beden om å laste opp dokumentasjon.

Opplysningane du registrerar, vil ikkje erstatte det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av både offentlege og private verksemder.

Les her for meir informasjon om eigenregistrering av bustaden din. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kven kontaktar du ved spørsmål?

Har du spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket. Kontaktinformasjon til kartverket finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedomen din, må du kontakte kommunen for å få dei retta.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?