Slik søker du om byggesak til kommunen
For profesjonelle aktørar
Profesjonelle aktørar må sende søknad frå ei digital søknadsløysing.
Søknader som kjem på papir eller e-post frå profesjonelle aktørar, vil bli sendt i retur.
Slik søker du
Søknadsskjema
Du finn ein oversikt over nasjonale søknadsløysingar for både profesjonelle og private søkarar på Direktoratet for byggkvalitet si nettside.
Private kan og sende inn søknader på papir og e-post.
Større byggetiltak og nybygg må ha ein ansvarleg søkar frå eit godkjent føretak. Ansvarleg søkar har ansvar for at søknaden er komplett.
Dette må du legge ved søknaden
- Plan-, snitt- og fasadeteikningar som er målsett.
- Situasjonsplan som syner arealbruken på tomta og tiltaket skal vere teikna inn på planen/kartet.
Korleis skrive ut situasjonsplan/kartutsnitt
- Gå til kommunekart for å skrive ut situasjonsplan/kart.
- Skriv inn gards- og bruksnummer eller adresse til eigedomen, så kjem tomta opp.
- Lenke til kommunekart finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Nabovarsel
Tiltaket må vera nabovarsla før søknaden kan sendast inn. Nabovarsling kan gjerast digitalt.
Her er ulike plassar å hente nabovarsel frå:
Sist oppdatert
