Tiltak som ikkje er søknadspliktig
Nokre typar tiltak er ikkje søknadspliktig. Det er viktig å merke seg at det er fleire vilkår som må vere oppfylte for at unntaket skal gjelde.
For dei fleste tiltaka er det òg krav om at det skal sendast inn ei melding til kommunen når tiltaket er ferdig.
Mindre frittliggjande bygning
Bygg som oppførast på eigedom som alt er bebygd med bustadhus og som ikkje skal brukast til å bu i.
Vilkår:
- Bruksareal/bygdareal som ikkje er over 50 m².
- Mønehøgde ikkje over 4,0 m.
- Gesimshøgde ikkje over 3,0 m.
- Kun 1 etasje og ikkje med kjellar.
- Bygningen kan bli plassert inntil 1m frå nabogrense og annan bygning på same eigedom (men minst 2m til bygning på annan eigedom).
- Bygningen kan ikkje bli plassert over leidningar i grunnen.
- Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen og ikkje i strid med andre lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg, kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor, kontakt Bane NOR)
Tilbygg som ikkje inneheld rom til varig opphald
Bygget må ikkje innehalde rom til varig opphald eller til å bu i (det vil sei ingen form for innbygde rom, verken kjøkken, stoge, soverom, våtrom, arbeidsrom, entrè, gang etc.). Tilbygget kan vere til dømes terrasse, ope overbygd inngangsparti, enkelt takoverbygg med understøtting, søppelskur, ved- eller sykkelbod.
Vilkår:
- Inntil 15 m² bruksareal/bygdareal
- Maksimalt knytte seg til 2 etasjar på eksisterande bygg.
- Må vere understøtta med eige bæresystem.
- Bygningen må bli plassert etter plan- og bygningslovens reglar om avstand (dvs. normalt minst 4 m til nabogrense).
- Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen og ikkje i strid med anna lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg, kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor, kontakt Bane NOR).
Mindre tiltak i eksisterande byggverk
Som til dømes:
- Ikkje-bærande vegg innafor ei branncelle eller lydområde.
- Reparasjon av bygningstekniske installasjonar.
- Installering, endring og reparasjon av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle.
- Installering og endring av enkle installasjonar i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle.
- Installering, endring og reparasjon av ildstad i eksisterande bygg innanfor ei brukseining/branncelle
Mindre tiltak utandørs
- Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10 m. Avstand til nabogrense minst 1 m.
- Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 5 m. Kan bli plassert inntil nabogrense.
- Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgde. Må ikkje vere tett eller hindre fri sikt.
- Skilt- og reklameinnretning inntil 3 m som blir montert flatt på vegg. Kun 1 stk. (NB: dette vil ikkje gjelde der kommunen har vedtatt eigne retningsliner for skilt og reklame. I Vinje kommune har me slike retningsliner på Rauland.
Skiltplan Rauland - føresegner Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Skiltplan Rauland - kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Parabol kan ha diameter inntil 1,2 m, panelantenne som blir plassert på vegg kan ha høgde inntil 2 m. Kun 1 stk, gjeld ikkje ved fare for personsikkerhet.
- Mindre støttemur på inntil 1 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 1 m, eller støttemur på inntil 1,5 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 4 m.
- Mindre fylling eller planering av terreng. Må ikkje endre terrengnivå med meir enn 3 m i spreiddbygd strøk, 1,5 m i tettbygd strøk, eller 0,5 m for rekkje- og kjedehus. Avstand frå fyllingsfot til nabogrense må vere minst 1 m.
- Mindre graving av kablar.
- Lokal drenering, og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
- Intern veg på tomta og biloppstillingsplassar for tomtas eigen bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Avstand til nabogrense må vere minst 1 m.
Fasadeendring
Endring av fasaden som ikkje fører til at bygningens karakter blir endra, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring. Merk at nokre bygningar kan vere verna eller verneverdige. I slike tilfelle er det alltid søknadsplikt og du må ta kontakt med Telemark fylkeskommunen ved kulturminnevern.
Meir utfyllande informasjon finn du her:
- plan -og bygningslova (PBL) § 20-5 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er viktig å merke seg at sjølv om det er unnatak for søknadsplikt gjeld alle krav i plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner fullt ut, og det er tiltakshavar sjølv som vil vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav. Tiltakshavar vil også vere ansvarleg for å kontrollere at tiltaket er i tråd med gjeldande kommuneplan/reguleringsplan for eigedommen, og for at tiltaket ikkje er i strid med anna regelverk (som veglova eller jernbanelova).
Sist oppdatert
