Deling av eigedom

Om du ynskjer å dele frå ei tomt eller ein del av eigedomen din, må du søkje kommunen om oppretting av ny grunneigedom. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.

Oppretting av ny grunneigedom fylgjer to prosessar:

  • Løyve til oppretting av ny grunneigedom ( deling )
  • Oppmålingsforretning ( grensepunkta blir merka, nye grenser blir registrert i eigedomsregisteret – Matrikkelen og nytt bruksnummer blir tinglyst )

Det er to ulike søknadsskjema, men det er berre deling som krev nabovarsel.

Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som vert sendt til kommunen.

  • Søknaden din vert handsama i kommunen.
  • Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
  • Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når frådelinga skal gjennomførast (oppmålingsforretning).
  • I oppmålingsforretninga vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
  • Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.

Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova: Oppretting av matrikkeleining pkt. 1.1
Prisar finn du her Åpnes i nytt vindu.

Eventuelle andre kostnader
Handsaming av søknad om deling etter Plan- og bygningslova
Prisar finn du her Åpnes i nytt vindu.

Det frådelte arealet vert oppretta som ny eigedom med eige gnr/bnr i grunnboka (tinglyst) og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
Tinglysingsebyr finn du her

Du må bruke skjema som ligg lengre ned på denne sida, under skjema.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?