Justering av eigedomsgrenser

Om du ynskjer å endre på eigedomsgrenser, kan du søkje om å justere grenser eller overføre areal frå ein eigedom til ein annan.
Me gjennomfører grensejustering ved små endringar eller arealoverføring når endringane er større.

  • Du må søkje om endring av grenser. Med søknaden legg du eit kart som viser korleis grenser skal endrast.
  • Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar. 
  • Eigarar av eigedomar som vert berørte, må gjeva samtykke til grenseendringa. 
  • Søknad om endring på fastsette skjema sendast til kommunen med heimelshavar/grunneigar si underskrift.

Lenke til søknadsskjema finn du lengre ned på denne sida under skjema.

Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som vert sendt til kommunen. 

  • Søknaden din vil bli handsama i kommunen.
  • Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
  • Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når grenseendringa skal gjennomførast.
  • I oppmålingsforretning vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
  • Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.

Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova.
Grensejustering pk. 1.3
Arealoverføring pkt 1.4
Prisar finn du her

Eventuelle andre kostnader
I enkelte høve kan sakshandsaming etter Plan- og bygningslova utløyse gebyr.
Prisar finn du her

Ved arealoverføring må du betale tinglysingsgebyr og dokumentavgift. 
Tinglysingsgebyr 
Dokumentavgift er 2,5% av marknadsverdi på det overførte arealet.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?