Samanslåing av eigedomar

Om du ynskjer å slå saman eigedomar som har felles grense og som har same heimelshavar/grunneigar, kan du be kommunen hjelpe til med å gjennomføre dette.

  • Fyll ut søknad på eige skjema. Lenke til skjema finn du i boksen lengre ned på sida.
  • Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
  • Legg med eit kart som viser kva for eigedomar samanslåinga gjeld – kart kan du finne her Åpnes i nytt vindu.

Vilkår for samanslåing:​

  • Eigedomane må ligge i same kommune.
  • Eigedomane må ha same heimelshavar.
  • Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom eventuelle panthavarar.

  • Om alle vilkår for samanslåing er stetta, sender kommunen krav om samanslåing til tinglysing.
  • ​Kommunen kan skrive ut matrikkelbrev over eigedomen som finst i Matrikkelen etter samanslåinga.

Det kostar ikkje noko å slå saman eigedomar.

Ynskjer du matrikkelbrev, må du betale for dette – sjå kommunen sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova punkt 1.11 - her Åpnes i nytt vindu.

Lenke til skjema finn du lengre ned på sida under skjema.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?