Leige av lokale
Lag og organisasjonar i Vinje kommune treng ikkje betale leige for anna enn store inntektsgjevande tilskipingar.
Ved større jubileum og markeringar som gjeld heile eller større delar av kommunen, må andre faste avtalar vike. Ved slike høve må tilskipar sende skrifteleg søknad.
Utanbygds tilskiparar skal betale leige etter gjeldande satsar. Arrangement blir fakturert i etterkant.
Enkeltarrangement
- Rigging og rydding skal reknast med i leigetida, leigetakar er ansvarleg for dette.
- Det er ikkje tillate å bruke levande ljos i dei kommunale bygga. Det kan gjerast unntak, men dette må avklarast med vaktmeistar.
- Leigetakar må ha ein brannvernrunde med vaktmeister før arrangement dersom arrangementet er utanom vaktmeister si arbeidstid.
- Lån av lydanlegg må avklarast på førehand.
- Er det eit ope arrangement der det skal nytast alkohol må de søke om tidsavgrensa skjenkeløyve.
Les meir om tidsavgrensa skjenkeløyve her Åpnes i nytt vindu.
Faste aktivitetar
- Aktivitet utover ein månad.
- Fast søknadsfrist på våren, ellers fortløpande.
- Om fleire søkjarar ynskjer same hus/rom til same tid og alternative stader/tider ikkje let seg ordne, må kommunen avgjere kven som skal vike.
- Kulturaktivitetar og andre tilskipingar har fyrsterett på festsalane.
- På dagtid har skulane fyrsterett til bruk av idrettshallar og basseng i samsvar med timeplanane.
Leige av bord og stolar
Bord og stolar kan leigast frå dei ulike husa.
Kr 10 pr. stol og kr 20 pr. bord.
Sist oppdatert
