Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak

SLT-modellen er utvikla av Det kriminalførebyggjande råd, til bruk i norske kommunar. Modellen skal vera eit hjelpemiddel for kommunane i samband med utfordringar knytt til kriminalitet, rus og oppvekstvilkår. Målgruppa er generelt born og unge under 18 år.
SLT og Politiråda skal også koordinere arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme lokalt.

Samordningsmodellen i Vinje er organisert slik:

Styringsgruppe (som er Politirådet): formannskapet, politi og SLT-koordinator.

Arbeidsutval: representantar frå kultur, NAV, helse, barnevernssamarbeidet, politi, skule, barnehage og SLT-koordinator.

SLT-koordinatoren er pådrivaren/bindeleddet for dette samarbeidet, og skal koordinere samhandlinga mellom dei ulike nivåa og ressursgruppene. I Vinje skal koordinatoren samstundes vera sakshandsamar og sekretær for styringsgruppa og arbeidsutvalet.

Vinje kommune ynskjer å samordne ulike tiltak for risikoutsette barn og unge. Dette inkluderer kriminalitetsførebyggande tiltak innan fleire kommunale område.

  • Hindre/redusere misbruk av rusmidlar.
  • Bevisstgjera ungdom på eigne val.

  • Bidra til å styrke det tverrfaglege psykiske helsearbeidet blant barn og unge.
  • Jobbe med å styrke ungdom til å ta vare på seg sjølv og andre.

  • Bevisstgjera ungdom på å ta eigne val.
  • Hindre utvikling av kriminelle valdsmiljø blant barn og unge.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?