Hukommelsesteam
Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som består av ergoterapeut, tre sjukepleierar frå dei ulike distrikta i kommunen og demenskoordinator. Det er demenskoordinator som i hovudsak mottek henvendelsar og koordinerar tjenestar.
Teamet sine oppgåver:
- Bistå fastlegane i utredning, ved mistanke om demenssjukdom.
- Foreta heimebesøk og kartlegging.
- Tilby oppfølging til personar med demens og deira pårørande etter demensdiagnosen er satt.
- Gje veiledning og støttesamtaler til personar med demens og deira pårørande.
- Veiledning og kompetanse vedrørande kognitive hjelpemiddel.
- Gje informasjon om demens og kommunen sine tenestetilbod
Kven kan ta kontakt?
- Personar med hukommelsesvanskar
- Pårørande
- Venner
- Fastlegar
- Heimetjenesta og anna personale
Sist oppdatert