Kreftkoordinator

Vinje kommune har primærhelseteam innan kreft.

Tilbod om ein kontaktperson i kommunenen er til deg som har fått ei kreftdiagnose og til dine pårørande. 
Meir informasjon om tilbod til pårørande finn du i denne lenka Åpnes i nytt vindu..

Teamet har ein kreftkoordinator og tre kontaktsjukepleiarar. Oppgåvene er å koordinere og tilrettelegge kvardagen for deg som kreftsjuk og dine pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet.

Du kan sjølv ta kontakt med oss, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidle kontakt. Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege.


  • Råd, rettleiing til pasientar og pårørande
  • Bistå i oppfylgjing av born og unge som er pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenestar
  • Samarbeid med heimesjukepleia, fysio -og ergoterapeutar, fastlegar, sjukehus og andre fagpersonar
  • Vera eit bindeledd mellom sjukehus og kommunen, samt vera bidragsytar til heilskapeleg og samanhengande kreftomsorg


Kreftkoordinator i 20% stilling, med kontordag kvar onsdag på Rauland : telefon 91 24 85 66. 
Ved fråver kan ynskje om kontakt bli meldt til Koordinering og tildelingskontoret på telefon 46 88 43 16.


Heimetenesta i Åmot, Rauland, Øvre Vinje samt Vinje Sjukeheim, har kontaktsjukepleiar for kreftpasientar som i samarbeid med dei andre tilsette fylgjer opp den som er sjuk og deira pårørande der dei bur eller oppheld seg. Målet er å skape tryggleik, kontinuitet, tett oppfølging og god symptomlindring.

Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidle kontakt. Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege.

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste. 
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?