Seksuelle overgrep

Seksuelle overgrep er eit alvorleg lovbrot. Har du eller nokon du kjenner vore utsett for det, kan overgrepsmottaket hjelpe til med å førebyggje eller avgrense nokre av dei alvorlegaste etterverknadene.

Overgrepsmottaket i Telemark er eit gratis tilbod til alle som har vore utsette for seksuelt overgrep. Også familie eller venner av den utsette kan ta kontakt for informasjon og rådgjeving.

Kva gjer eg?

Kontakt legevakta i Åmot på telefon 116 117 (døgnbemanna). 
Legevakta set deg i kontakt med overgrepsmottaket. På overgrepsmottaket er det legar og sjukepleiarar som kan hjelpe deg som har opplevd overgrep.

Du kan kontakte overgrepsmottaket uavhengig av om du melder overgrepet eller ikkje. Helsepersonell har teieplikt.

Oppsøk overgrepsmottaket så fort som mogleg etter hendinga, helst utan å dusje eller vaske deg. Har det gått fleire dagar og du har dusja, er det likevel viktig å ta kontakt for å få medisinsk og psykososial oppfylging.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?