Vinje legekontor
Vinje legekontor er det kommunale fastlegekontoret i Vinje kommune.
Me har hovudkontor i Åmot, og utekontor på Rauland og Edland nokon dagar i veka. Her jobbar åtte fastlegar, som kvar har sine pasientlister som dei har ansvaret for. Dei vikarierar for kvarandre ved fråver, men i hovudsak vil du få tilbod om legehjelp frå fastlegen din. I tillegg har me to LIS1-legar som er hjå oss i seks månadar om gongen (LIS1 er det som før blei kalla turnuslege). Desse har ofte ledig tid tidlegare enn dei faste legane. Hugs å avbestille timen om du ikkje skal bruke den, slik at andre kan få nytte tida.
Opningstider
Legekontoret i Åmot er ope måndag til fredag frå kl. 08.15 - 15.30. Onsdagar opnar legekontoret kl. 9.00.
Telefontid er vekedagar frå kl. 08.15-11.00 og kl. 12.30-14.30. Onsdagar opnar telefonen kl. 09.00.
Telefon: 35 06 25 00
Vinje legekontor