Norheimstunet omsorgssenter
Ein omsorgsbustad er eit butilbod som er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne. Bebuarane får helse- og omsorgstenester etter behov.
Norheimstunet har ei personalgruppe med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar, og er døgnbemanna. Personalet samarbeider med lege og andre faggrupper i kommunen.
Norheimstunet er også base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, uavhengig av om desse vert gjevne i omsorgsbustad eller i eigen heim. Området omfattar Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Det skjer mykje friviljug arbeid her som samlar bygdefolk til møteverksemd og andre sosiale arrangement.
Det er 8 kommunale omsorgsbustader i hovudbygningen på Norheimstunet, i tillegg er det 3 bustader som er i privat eige av Flatlandslegatet. Ved omsorgssenteret er det felles stoge og aktivitetsrom for bebuarane og eit eldresenter. I tillegg er det 4 frittståande bustader på området.
Søknad om bustad eller tenester skjer til koordinerings- og tildelingskontoret. Personalet i heimetenesta og ved senteret kan også hjelpe deg med dette.
Flatlandslegatet
Søknad om omsorgsbustad i Flatlandslegatet skjer til legatet.
Leiar er Nils Ole Lien, Grungedal 78, 3895 Edland.
Telefon 95 92 20 68
Send e-post her
Sist oppdatert