Koordinering- og tildelingskontoret
Koordinering- og tildelingskontoret tek seg av informasjon og søknadar om helse– og omsorgstenester. Dei er eit kontaktpunkt for alle samarbeidspartar i helse og omsorgseininga lokalt, samt mot sjukehus og spesialisthelsetenesta.
Ved behov for informasjon eller tenester, kan alle som bur, og oppheld seg midlertidig i kommunen ta kontakt.
Har du planar om å kome på besøk eller vere på hytta i kommunen og har behov for heimesjukepleie, ber me om at du tek kontakt minimum 14 dagar før du kjem. Dette for at me best mogleg kan planlegge for tenestene du har behov for.
Søknadsskjema
Ved å fylle ut søknadsskjemaet og sende det til koordinerings- og tildelingskontoret, vil du bli kontakta av ein sakshandsamar som saman med deg finn fram til kva helse- og omsorgsteneste som er rett og naudsynt for deg. På bakgrunn av dette, vil det eventuelt bli skrive eit vedtak. Søknadsskjema finn du nederst på denne sida, og heiter søknad om pleie- og omsorgstenester, Du kan velje mellom elektronisk søknadsskjema eller søknadsskjema på papir. Det elektroniske kan du sende inn direkte når du har fylt ut skjema. Om du ynskjer å fylle ut søknaden på papir, må du fyrst skrive ut skjema, fylle ut og sende til Vinje kommune.
Generelt
Koordinering- og tildelingskontoret tek imot meldingar om moglege behov for habilitering og rehabilitering internt i kommunen og i samhandling med spesialisthelsetenesta. Kontoret har oversikt over rehabiliterings- og tenestetilbodet i kommunen og kva kapasiteten til ei kvar tid er.
Når kontoret mottek ein søknad om helse og omsorgstenester, følgjer ein prosess der sakshandsamar kartlegg søkjaren sine behov og ressursar. I samsvar med reglar om sakshandsaming Pdf, 1 MB.
I offentleg forvalting og krav til enkelteinskildvedtak, vert det gjeve eit tilbod om individuelt tilpassa og forsvarlege tenester. Tenestene skal arbeide målretta, tenke heilskap og gje god og koordinert oppfølging. Jamlege evalueringar skal bidra til at tenestemottakaren når sine mål.
Kontoret har direkte kontakt med sjukehus og spesialisthelsetenesta og har ansvar for at utskriving og oppfylging i eigen heim eller institusjon skjer planlagd og samordna og at samhandlinga er god mellom tenesteytarar på tvers av fag, nivå og sektorar.
Den koordinerande eininga har også det overordna ansvaret for Individuell plan og koordinator. Ved behov for langvarige og samansette tenester, er det ein rett å få ein individuell plan, ein koordinator og eit oppfølgingsteam. Kontoret har og eit ansvar for å vurdere om ein søkjar kan ha behov for dette tilbodet og skal sikre at mottakar og pårørande får medverke slik at det som er viktig for den det gjeld står i fokus.
Kontoret har god oversikt over frivillige lag og tilbod og vil syte for at slike bidrag vert vurdert når det kan vere aktuelt.
Nytta av velferdsteknologiske løysingar vil alltid verte vurdert som ein del av det totale tenestetilbodet.
Burettleiing
Koordinerings- og tildelingskontoret kan hjelpe med bustadsosiale spørsmål, og handsamar søknader og spørsmål om kommunal bustad og spørsmål kring husbanklån, bustadtilskot og startlån.
Hovudoppgåver:
- Skaffe bustad
- Støtte personar med vanskar på bustadmarknaden på vegen til å leige, eige eller bygge sin eigen bustad.
- Fylgje opp undervegs og over tid for å bidra til at den einskilde skal bli i stand til å meistre sin busituasjon og skaffe dei hjelpetiltak det er behov for
- På vegne av kommunen forvalte Husbanken sine ordningar; startlån og grunnlån, ulike tilskotsordningar og personretta tilskot.
- Forvalte kommunale bustader.
- Samarbeide med integreringskoordinator.
TT - ordning
Transporttenesta for funksjonshemma (TT-ordningen) er eit tilbud til personar som på grunn av sterk og varig funksjonsnedsetting (fysisk og/eller psykisk), ikkje kan nytte ordinær kollektivtransport.
Du finn reglement, søknadsskjema og standardisert legeerklæring under skjema lenger ned på denne nettsiden.
Parkeringsløyve for rørslehemma
Kva er parkeringsløyve
Parkeringsløyve blir gitt til bilførar eller passasjer som har særlege behov for parkeringslette ved heimebustad, arbeid og/eller anna aktivitet.
Den gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass.
Parkeringsløyve fylgjer eigaren av parkeringskortet, og ikkje køyretøyet.
Kven kan få løyve
Du kan søkje om parkeringsløyve, om du oppfyller eit eller fleire av krava under:
- Du må ha store forflytningsvanskar, som må dokumenterast med ein legeeklæring
- Du har særlege behov for parkeringslette nær heimebustad, arbeid eller anna aktivitet
- Du må bu i Vinje kommune
Slik søkjer du
Søknadsskjema til parkeringsløyve for rørslehemma finn du lengre ned på denne sida under boksen som heiter skjema.
Dokument du må legge ved søknaden
- Legeerklæring
- Passbilde eller anna bilete av ansiktet
Ledsagerbevis
Kva er ledsagerbevis
- Ledsagerbevisordninga inneber at den funksjonshemma kan ta med seg ein eller om naudsynt to ledsagere gratis på kultur- og fritidsarrangement som har denne ordninga.
- Ordninga med ledsagerbevis omfattar personar med funksjonshemning av minst 2 års varigheit.
- Det er ingen nedre aldersgrense for å søkje om ledsagerbevis.
- For born under skulealder må det vera dokumentert at barnet har eit større ledsagerbehov enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde ei funksjonsnedsetting, og at det difor blir ekstrautgifter samanlikna med javnaldrande som deltek på same type aktivitet.
- Hugs at det ikkje er diagnosa som er avgjerande, men behovet.
- Ledsagerbeviset kan du få digitalt via ein app på telefonen din eller som eit fysisk kort på papir.
Korleis søkjer du
- For å få ledsagerbevis må du sende inn søknad. Skjema du skal bruke heiter søknad om pleie- og omsorgstenester og ligg under skjema lengre ned på denne sida. Du kan velje mellom elektronisk søknadsskjema eller skjema på papir.
- Kryss av for ledsagerbevis.
- Du må leggje ved uttale frå fastlege eller spesialist der det er spesifisert at du har behov ledsager for å kunne delta på aktivitetar i fritida.
- Hugs å leggje ved foto til søknaden.
- Hugs å skrive på om du ynskjer digitalt ledsagerbevis. Det skriv du på under feltet, Grunngjeving for søknad.
Informasjon om digitalt ledsagerbevis
Før du kan ta i bruk digitalt ledsagerbevis, må kommunen registrere deg. Du må difor ha sende inn søknaden på søknadsskjema vårt fyrst.
Informasjon om appen:
Last ned app på mobilen din her, og få digitalt ledsagerbevis på telefonen din Lenke til et annet nettsted.
Meir informasjon om ledsagerbevis
Lovar og retningsliner
Desse lovane handsamar me etter:
Klagerett
Du har rett til å klage på vedtaket du har fått. Les meir om klageretten din her
Sist oppdatert