Vinje legekontor
Vinje legekontor er det kommunale fastlegekontoret i Vinje kommune.
Me har hovudkontor i Åmot, og utekontor på Rauland og Edland nokon dagar i veka. Her jobbar åtte fastlegar, som kvar har sine pasientlister som dei har ansvaret for. Dei vikarierar for kvarandre ved fråver, men i hovudsak vil du få tilbod om legehjelp frå fastlegen din. I tillegg har me to LIS1-legar som er hjå oss i seks månadar om gongen (LIS1 er det som før blei kalla turnuslege). Desse har ofte ledig tid tidlegare enn dei faste legane.
Hugs å avbestille timen om du ikkje skal bruke den, slik at andre kan få nytte tida.
Opningstider
Legekontoret i Åmot er ope måndag til fredag frå kl. 08.15 - 15.30. Onsdagar opnar me kl. 9.00.
Telefontid er vekedagar frå kl. 08.15-11.00 og kl. 12.30-14.30. Onsdagar opnar telefonen kl. 09.00.
Telefon: 35 06 25 00
Kontak oss
For alle henvendingar som gjeld helsespørsmål må du ta direkte kontakt med legekontoret:
- Logg inn på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted.og bruk meldingstenesta der, eller
- Ring legekontoret i opningstida på dagtid
Me gjer merksam på at me ikkje kan behandle førespurnader om reseptar eller andre medisinske spørsmål når dei er sendt på e-post eller eDialog.
Vinje legekontor