Praktisk informasjon
Opningstider
Telefon
Telefon: 35 06 25 00
Telefontid er vekedagar frå kl. 08.15-11.00 og kl. 12.30-14.30.
Onsdagar opnar telefonen kl. 09.00.
Legekontoret i Åmot
Ope måndag til fredag frå kl. 08.15 - 15.30.
Onsdagar opnar legekontoret kl. 9.00, grunna planlagde møte, øvingar og anna.
- Utekontor på Rauland
Ope måndag og tysdag frå kl. 08.15 - 15.30. - Utekontor i Edland
Ope torsdag og fredag frå kl. 08.15 - 15.30, i dei vekene der fastlegane som har pasientlistene her er til stades.
Utekontora er stengt i joleferie, påskeferie og sommarferie (i vekene skulen er stengt).
Betaling
Betaling ved legekontora skjer helst ved at du betalar frå telefonen din:
- Du får ein sms på telefonen din i etterkant av timen, avsendar er Payex.
- Trykk på linken i meldinga.
- Du kan velje om du vil betale med bankkort eller Vipps.
- Du har 48 timar på deg til å betale via linken du får på sms. Om du ikkje gjer dette vil kravet gå til faktura. Det er Payex som sender kravet på faktura.
Har du frikort?
Dei som har frikort betalar ikkje for vanleg time. Det kan likevel hende du må betale noko, til dømes for utstyr eller anna materiell.
Du kan lese meir om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Har du nyleg fått frikort, eller er du ikkje sikker på om frikortet er registrert hjå oss? Då ber me om at du får legen din eller personalet i resepsjonen til å sjekke dette.
Tenester på Helsenorge
Bestill time
Du kan bestille time på Helsenorge hjå din fastlege. Du vil få opp kalender som viser ledige timar. Ynskjer du time hjå LIS1-lege eller vikar for fastlege, må du ringe legekontoret.
E-konsultasjon med fastlege
Nokon fastlegar har aktivert e-konsultasjon, der du kan stille spørsmål direkte til legen via helsenorge.no. Du må betale eigenandel for denne type konsultasjonar.
Forny resept
Du kan bestille fornying av resept på faste medisinar på Helsenorge. Nokon reseptar kan det hende ikkje blir godkjent utan ny legetime, det gjeld særleg på vanedannande medisin eller medisin som er meint å skulle brukast ei kort stund. Du vil då få svar om dette på Helsenorge.
Kontakt legekontoret (resepsjonen)
Du kan kontakte oss via Helsenorge for administrative spørsmål. Det kan til dømes vera for å finne og bestille legetime, fornye reseptar og anna som ikkje krev at legen blir involvert.
Klikk her for å koma inn på Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Prøvetaking
Laboratoriet er ope når legekontoret er ope, men etter kl. 14.30 er det for seint å ta blodprøver den dagen. Me har matpause frå kl. 12.00-12.30.
Du må ha rekvisisjon frå lege for å ta prøver. Som regel ordnar legen dette når du har time, eller du har med rekvisisjon frå sjukehuset. Nokon gonger har sjukehuset sendt oss melding om kva prøver du skal ta, då har du fått beskjed frå sjukehuset om dette.
Du treng ikkje time for prøvetaking. Du tek ein kølapp til laboratoriet når du kjem til legekontoret, og ventar på venterommet til det er din tur.
Du må rekne med at det kan vera noko ventetid for å ta prøver.
Vaksinering
Ved spørsmål om reisevaksiner må du ta kontakt med helsestasjonen. Ring Tenestetorget for å bli satt over. Telefon 35 06 23 00.
Andre vaksiner (pneumokokkvaksine, vaksine mot skogflåttencefalitt og anna) krev resept frå lege. Ta kontakt med fastlegen din om dette.
Fornye resept
Du kan fornye reseptar på helsenorge.no. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det kan vera noko ventetid før resepten blir fornya, så hugs å fornye reseptar i god tid før du gjeng tom for medisin.
Du kan også ringe oss på legekontoret for å fornye resept på fast medisin. Du må då beskrive nøyaktig namn og styrke på medisinen du skal bestille.
Om du ynskjer ny resept på ein medisin du ikkje brukar fast, må du bestille vanleg time.
Byte fastlege
Du kan sjølv byte fastlege på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., eller du kan ringe Helfo på telefon 23 32 70 00.
Bruke helsenorge på vegne av andre
Det er mogeleg å få fullmakt for å bruke Helsenorge på vegne av andre.
Les meir om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Fråværsattest for elevar i vidaregåande skule
Fylgjande sitat er henta frå regjeringen.no:
Elever skal levere egenmelding til skolen for sykefravær opp til fraværsgrensen på ti prosent. Når elevene har nådd grensen på ti prosent fravær i et fag, må de dokumentere sykefravær med attest fra helsepersonell.
For å få attest på fråvær etter at du har nådd grensa på 10% i eitt fag, må du ringe legekontoret den dagen du er borte frå skulen. For å få attest for fråver utover 2 dagar, må du ha time hjå lege.
Gebyr for attest er 200 kr.
Rett til å klage
Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt rettane dine, eller ikkje har fått dei helsetenestene du har krav på.
Ta kontakt med oss på legekontoret for å finne ut korleis du skal gå fram.
Du kan lese meir om retten til å klage her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Du kan sende klagen til oss via posten:
Vinje legekontor
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Sist oppdatert
Vinje legekontor