Ressursteam mot ungt utanforskap
NAV i samarbeid med Tokke, Seljord, Nissedal, Kviteseid, Vinje og Vest-Telemark vidaregåande skule har oppretta eit ressursteam mot utanforskap. Ressursteamet kan gje råd og hjelp til unge vaksne mellom 16 og 30 år, med mål om å kunne koma attende til utdanning eller arbeidsliv.
Me ynskjer å førebyggje og redusere utanforskap gjennom tett samarbeid mellom ulike fagmiljø og tenester. Ressursteamet fungerer som eit neste ledd i hjelpetenesta, når lokale kommunale tenester ikkje strekk til.
Kven er med i teamet?
Ressursteamet er ei tverrfagleg gruppe og består av fagpersonar frå:
- NAV
- Psykisk helse
- Psykologteneste
- Legeteneste
- Vidaregåande skule
Kva gjer ressursteamet?
Teamet skal bidra til at unge vaksne skal få:
- Rett tilpassa tiltak og aktivitet
- Koordinert hjelp
- Råd og rettleiing
Kven kan ta kontakt?
Her kan den unge vaksne sjølv, fagpersonar eller andre støttepersonar, som til dømes lærar, foreldre, fastlege og eventuelt psykisk helse, ta kontakt for vidare hjelp og støtte.
Kor finn eg ressursteamet?
Du møter ressursteamet på NAV-kontoret i Seljord. Den unge vaksne kan møte aleine eller saman med ein fagperson eller annan støtteperson. Om dei får samtykke, kan fagpersonar eller andre støttepersonar møte teamet utan den unge sjølv.
Les skriv til unge vaksne om tilbodet her pdf, 54 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
