Vaksine
Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsame sjukdommar.
Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen.
Vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse
Vinje kommune tilbyr gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse, til ungdom som er fødd i 2007, 2008 og 2009, og er busett i Vinje.
Vaksina gjev beskyttelse i minst 5 år, så om du har tatt vaksina før treng du ikkje ta den på nytt i år.
Ungdom som har fylt 16 år er helserettsleg myndige, og treng ikkje samtykke frå føresette for å ta vaksina. Har du enno ikkje fylt 16 år, må du difor få samtykke frå føresette. Ta kontakt med oss om dette gjeld deg.
Bestill time
Ta kontakt med Tone M. Heggtveit for å gjera avtale om vaksinering.
📞Telefon 94 87 28 20. Du kan ringe eller sende sms.
Informasjon om smittsam hjernehinnebetennelse/meningokokksjukdom
Sjukdomen førekjem ikkje ofte i Noreg, men ungdom i alderen 16-19 år har høgare risiko for smitte enn resten av befolkninga. Tett kontakt med andre ungdomar, festing, høgt alkoholinntak eller bruk av andre rusmiddel, deling av glas/flasker, samt lite søvn, kan auke risikoen for smitte og for at sjukdomen får eit alvorleg forløp. Sjukdomen utviklar seg ofte raskt, og omkring 10 % av dei som utviklar sjukdom døyr.
Det finst fleire typer meningokokkbakteriar. Dei typene som er mest vanlege i Noreg er typene A, C, W og Y, og det er kombinasjonsvaksine mot desse typene me tilbyr.
Om du skal på reise til land utanfor Norden med auka risiko for smitte (russeturar og andre reiser med festing og tett kontakt med andre ungdomar over fleire dagar) bør du vaksinere deg mot type B i tillegg. Ta kontakt med helsestasjonen eller fastlegen for meir informasjon om dette.
Vaksinering
Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld
- barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
- årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
- vaksinasjon mot pandemisk influensa
- andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)
Alle personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen har rett til å nytte seg av dette tilbodet.
Det er Nasjonalt folkehelseinstitutt som fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Barnevaksinasjon er gratis. Elles betaler du ein eigendel.
Meir om vaksinering på Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Koronavaksine
Innbyggarar i risikogruppene, som definert av folkehelseinstituttet, kan kontakte legekontoret for å avtale tid for vaksinering.
Vaksina er gratis.
For å finne ut om du kan vera i risikogruppe, kan du inn på sida til helsenorge.no og sjå på informasjonen som ligg om risikogrupper.
Link til helsenorge.no finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Reisevaksiner
Folkehelseinstituttet (FHI) har lansert ei ny tjeneste for smittevernråd og vaksine ved reise. Tenesta har som mål å gje ein god oversikt over smittevernråd og vaksiner ved reise.
Les meir på dei nye sidene til FHI her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Mange alvorlege sjukdomar kan førebyggjast ved vaksinasjon. Før reise kan det vera aktuelt med vaksinasjon mot sjukdomar ein ikkje tidlegare er vaksinert mot, eller oppfriskingsdose av vaksinar ein har fått tidlegare. Påfyll av nokon barnevaksinar er tilrådd kvart 10. år.
Behov for vaksinasjon må vurderast etter kva type reise ein planlegg, kor lenge reisa varer, helsetilstand, alder og tidlegare vaksinasjonsstatus.
Ver tidleg ute når viss du treng reisevaksine. Nokon vaksinar krev fleire dosar og for å vera fullvaksinera må ein starte inntil 6 månader før avreise, dette gjeld til dømes hepatitt B vaksine.
Den som ynskjer vaksiner må skaffe seg oversikt over tidlegare vaksinasjonar og ta det med til helsestasjonen.
Treng du malariamedisin, må du kontakte fastlegen din for å få resept.
Du finn utfyllande informasjon hjå Folkehelseinstituttet om vaksinar til dei ulike reisemåla. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lovar og retningsliner
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå Helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
Smittevernlova kapittel 3
Sist oppdatert
