Bibliotek

Hovudbiblioteket i Vinje ligg i sentrum av Åmot, i same bygning som politiet. Inngangen finn du på oversida. Filialane i Edland og Rauland er på skulane.

Opningstider sommaren 2026:

I år har hovudbiblioteket ordinær opningstid fram til fredag 24. juli. Deretter har me sommarstengt fram til tysdag 18. august.

Bibliotekfilialane på Edland og Rauland fylgjer skuleruta. Dei har siste opningsdag 22. og 23. juni.

Mine sider

Via heimesida til Vest-Telemarkbiblioteka kan du søke i samlinga vår, sjå opningstider og arrangement, og anna informasjon. Du kan også logge deg inn på Mine sider for å sjå eller fornye dine lån.
Lenke til nettsida finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Informasjon frå bibliotelket

Via innbyggjarappen vår Friskus blir det sendt ut viktige beskjedar eller nyheiter om biblioteket, i tillegg til anna informasjon frå kommunen. Du kan også få oppdateringar om biblioteket frå Vinje kommune si side på Facebook.

Digihjelpen

Har du spørsmål knytt til bruken av din eigen pc, mobil eller nettbrett? 
Då er du velkomen til å få enkel grunnleggjande digihjelp på biblioteket, med rettleiing éin-til-éin,

  • Åmot: torsdag frå kl. 12.00-19.00
  • Rauland: onsdag frå kl. 15.00-19.00
  • Edland: tysdag frå kl. 15.00-19.00

Det er fint om du kjem innom og avtalar tid på førehand, eller ringer oss på telefon: 35 07 26 60.

SOMMARLES 2026: BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR🤩

Frå 1. juni kan alle 1.-7. klassingar i Vinje vere med på Noregs kulaste lesekampanje👀

På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Dei får poeng (XP) for tida dei vel å bruke på lesing. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket når dei kjem til level 10, 20, 30, og vidare.

For å bli med på kampanjen går de inn på nettsida sommarles.no Lenke til et annet nettsted., og lagar ein profil til barnet. Bruk e-posten til ein føresett, opprett brukarnamn og passord, fyll inn 0 på lånekort-nummer om de ikkje har det tilgjengeleg (så kan eventuelt biblioteket ordne det seinare). Har de ein profil frå i fjor, kan den brukast om att.

Sommarles gjer det gøy å lese!

📗 Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for barn som går i 1.-7. klasse.
📘  Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. Denne er også tilgjengeleg som lydbok, e-bok og punktskriftbok på tibi.no! 
📙 I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!  
📕 Bli med på avslutningsfest på biblioteket i sluten av kampanjen!

Les Sommarlesforteljinga på Tibi!

Sommarles er for alle, uansett om du les med øyrene, augo eller fingra. Viss du har nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar og les bøker frå Tibi, får du like mange poeng som alle andre.

Fakta om Tibi:

  • Tibi er ein bibliotekteneste frå Nasjonalbiblioteket som låner ut lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker.
  • Tilbodet er gratis og for deg som strevar med å lese på grunn av nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar.
  • Tibi har bøker i alle sjangre. Lån i Tibi-appen eller på tibi.no.

Me håper at du vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!

Ta gjerne turen innom biblioteket for å få vite meir. God sommar med Sommarles🌸🌸

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?