Ferieklubb for barn og unge i Vinje😎

Vinje sommarskule har bytt namn til Vinje ferieklubb!

Ferieklubben er for barn og ungdom som er busett i Vinje, og gjeld dei som går ut av 5. klasse i vår og opp til 10. klasse.

Årets ferieklubb har mange ulike aktivitetar på menyen, mellom anna bading, sykling, bowling, gokart, basket, olabil, LAN, karate, klatring, lazertag og mykje meir. Det vil vere aktivitet fordelt på Rauland, Åmot og Edland, men alle er sjølvsagt velkomne på alle aktivitetar.

– Me har endra namnet fordi me tenkjer at ferieklubb er meir passande namn for det me faktisk driv med. Ferieklubben er leik og moro, og veldig lite skule. Det er sjølvsagt læring, men læringa skjer i det praktiske, sosiale og ikkje minst i meistringa. Me vil at alle som er med på ferieklubben skal ha varierte opplevingar i spennet mellom det morosame, spennande, sosiale og engasjerande, seier verksemdsleiar for kultur og fritid Kristian W. Rantala.

Påmelding

I år har me flutt påmelding frå Vinjenett til appen Spond, som mange er kjent med gjennom idrettslag og likande. I Spond vil det vere høve til å melde seg på alle aktivitetane. Nokre aktivitetar vil ha avgrensa kapasitet, og då trekkjer ferieklubben deltakarar ut ifrå lista med påmeldingar.

–Grunnen til at me har bytta frå Vinjenett er at me trur at det blir lettare med påmeldingar og kommunikasjon mellom ferieklubben og føresette i Spond. Spond blir brukt av dei fleste idrettslag i Noreg og systemet har fungert godt for varierte samansettingar av aktivitetar og menneske. Me kjem også til å føre lister på papir fram til at me veit at systemet fungerer, seier Rantala.

Elevar og foreldre i 5. - 10. klasse har også fått informasjon om ferieklubben i Visma, og fått høve til å melde seg på aktivitetane på ark som har blitt sendt heim frå skulen.

Slik brukar du Spond

Alle aktivitetar er registrert i Spond, og på alle aktivtetar vil det stå "fullbooka". Det betyr ikkje at det er fullt, men at alle som vil delta skal melde seg på venteliste. På denne måten kan me ha ei rettferdig trekking dersom det er for mange påmeldte til dei ulike aktivitetane. Det har ikkje noko å seie kva nummer du får på ventelista.

Last ned Spond gratis i App store eller Google Play. Når du er inne i appen vel du "Grupper" nedst på sida, og klikkar på "Skriv inn kode".

Kode til Vinje ferieklubb: LMWIN

Om du ikkje har mogleghet til å melde deg på aktivitetane i Spond, kan du ta kontakt med ungdomskoordinator i Vinje, Tone Lie.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?