Frivilligsentralen

Vinje frivilligsentral er eit kontaktpunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte, og dei som ynskjer å ta imot frivillig innsats.

Sentralen fungerer som brubyggjar for menneske, frivillige lag og oprganisasjonar og det offentlege. Frivilligsentralen sin funksjon er i hovudsak å initiere, mobilisere og samordne frivillig innsats i kommunen. Sentralen stimulerer einskildpersonar og grupper i Vinje til å bruke seg sjølv i frivillig arbeid ved å:

  • vera ein pådrivar og leggje til rette for frivillig arbeid
  • vera ein ressurs for frivillig arbeid i Vinje
  • synleggjera eksisterande frivillig arbeid
  • utvikle gode samarbeidsformer mellom profesjonelle og frivillige
  • bidra til auka samarbeid mellom ulike frivillige organisasjonar og grupper
  • stimulere frivillige til å melde behov til frivilligsentralen og offentlege etatar
  • vera eit supplement til dei offentlege tenestetilboda

Dersom det er noko frivilligsentralen kan hjelpe deg med, er det berre å ta kontakt på e-post eller telefon. Vinje frivilligsentral har kontorplass på kommunehuset, saman med kultur. Det er også veldig triveleg om du vil koma innom her.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?