Friplass i Vinje kulturskule
Vinje kulturskule tilbyr friplass (gratis kulturskule)
Kven har rett på friplass?
Dei med rett på friplass er barn og unge knytt til barnevernet, Miljøheimen, vaksenopplæringa og flyktningetenesta. I tillegg har familiar med samla inntekt lågare enn 5G (593 100), rett på friplass. I søknaden må det leggjast ved dokumentasjon på kvifor de har rett på friplass.
Dokumentasjon til søknaden
- Låg inntekt: lønnsinntekt frå førre arbeidsår.
- Flyktiningeteneste/vaksenopplæringa: Kommunalt vedtak om deltaking på introduksjonsprogram/norsk/samfunsskunnskap.
- Barnevern/Miljøheimen: Ta kontakt med rektor i Vinje kulturskule.
I utfyllinga skriv du namn på barn, som deltek i kulturskulen. Er det fleire barn, fyller du ut eit barn per rad. Du treng ikkje fylle inn fag. Det er også mogleg å fylle inn generell kommentar som er relevant for søknaden. Du må søkje ein gonge per skuleår. Om eleven har starta på vårsemesteret, må du i tillegg søkje ved nytt skuleår på hausten.
NB! Søknadar utan gyldig dokumentasjon vert ikkje handsama.
Søknadsfristar
- Haustsemesteret: 12.september
- Vårsemesteret: 12.april.
Søknadsskjema
Søknadsskjema finn du under skjemaboksen lenger ned på denne sida.
Sist oppdatert
