Snøskuterkøyring i løypenettet

Vinje kommune har eit eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne nytte deg av løypenettet må du ha eit personleg køyreløyve.

Det kan gjevast opp til 400 sesongløyve til fritidskøyring med snøskuter i løypenettet og 100 ungdomsløyve (ungdom frå 16 til og med 21 år).

Køyring er tillate mellom klokka 05.00 – 24.00.

Døgnløyva gjeld frå den datoen som stend i løyvet, frå klokka 05.00 – 24.00.

Døgnløyve kjøper du på vinjenett.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Det blir selt inntil 20 løyve på måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Det blir selt inntil 50 løyve på fredag, laurdag og sundag.

Heimelshavar på kvar eigedom som løypenettet kryssar, har rett på inntil fire gratis årsløyve. Desse kan gjevast til familiemedlemmar.
På eigedomar med fleire heimelshavarar må grunneigarane sjølve bli samde om kven som skal ha køyreløyvet. Det er krav til medlemskap i ein av skuterklubbane i Vinje for å få løyvet. Dersom grunneigaren sjølv ikkje ynskjer å stå som løyvehavar, kan løyvet bli utskrive til den som blir gjeven fullmakt av grunneigar.

Grunneigarløyve må du registrere å få godkjent på vinjenett.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  • Ta omsyn til skigåarar og andre personar.
  • Det skal vera redusert fart i nærleiken av hytter, skiløyper, bustader og langs private køyrevegar.
  • Det skal vera full stopp og vikeplikt ved kryssing av skispor og offentlege vegar.
  • Skutersjåførar må ha gyldig løyve, førarkort for snøskuter og skuteren må vera registrert.
  • Køyreløyvet må alltid vera med under køyring.
  • Løypene blir opna etter kvart som dei blir stikka og merkte.
  • Løypene blir stengde når is- og snøforhold tilseier det, seinast fyrste måndag i mai.
  • Rasting er lov opptil 30 meter rett ut frå traseane, der ikkje forbod er skilta.
  • Det er ikkje tillate å køyre parallelt med løypene. Løypene kan berre nyttast av snøskuter, ikkje ATV med belte eller andre køyretøy.
  • Generell øvre fartsgrense er 70 km/t. Med slede utan passasjer er maksimal fart 60 km/t, og med passasjer maks 40 km/t.
  • All ferdsel skjer på eige ansvar!

Les forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter, Vinje kommune, Telemark Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Alle må vera merksame på at tilhøva på isen og i skredfarleg terreng kan endre seg i løpet av vinteren. Det blir gjort regelmessige kontrollar, men tilhøva kan endre seg oftare enn kontrollane. Nyttige sider for å vurdere tryggleik er: 

Klikk her for iskart frå Varsom Lenke til et annet nettsted.

Klikk her for snøskredvarsel frå varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Meld i frå om utrygge område til ein av snøskuterklubbane.

Rauland Snoskuterklubb Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Haukeli Skuterklubb Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Møsstrond Snøscooterklubb Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her finn du oversikt over opne løyper for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne køyre i løypenettet må du ha gyldig årsløyve, dagsløyve eller grunneigarløyve.

Snøskuterklubbane melder inn fortløpande ettersom løypene er preppa og stikka opp. Lista blir oppdatert kvardagar mellom 08.00-15.30.

Opne løyper sesongen 2026:

Oversikt over løypene

Løype 1: Vierli - Haug

OPEN

Løype 2: Steinbakken - Møsvatn

OPEN

Løype 3: Lega - Tverrakvålen

OPEN

Løype 4: Raulandsgrend - Krossen

OPEN

Løype 4A: Haddeland - Kostveit

OPEN

Løype 5A: Krossen - Tansvatn

OPEN

Løype 5B: Tansvatn - Straume

OPEN

Løype 5C: Straume - Brandkvålen

OPEN

Løype 5D: Brandkvålen - Øyfjell skule

DELVIS OPEN - løypa er open frå Brandkvåen til Øyfjell kyrkje. Siste delen er stengt grunna hogst.

Løype 5E: Straume - Drivarbekkdalen

OPEN

Løype 6: Songakrysset - Trolldammen

OPEN

Løype 7A: Haddeland - Killingtveit

OPEN

Løype 7B: Killingtveit - Våmartveit

OPEN

Løype 7C: Killigtveit - Vå

OPEN

Løype 7D: Vå - Moen

OPEN

Løype 8: Songakrysset - Araodden/Moen

OPEN.
NB! Lite sno i delar av traseen.

Løype 8A: Edland - Gravdalen

OPEN

Løype 8B: Araodden/Moen - Arabygdi

OPEN

Løype 9: Hyllandshylen - Våmartveit - Totak

OPEN - NB! stopp ved Totak til isen er trygg!

Løype 9A: Teigland - Ometveit - Hyllandshylen - Stokkeli

OPEN

Løype 9B: Bøgrend- Våmartveitvegen

OPEN

Løype 9C: Vesås - Våmartveitvegen

STENGT

Løype 10: Haukeliheia

OPEN

Løype 11A: Hylland - Plassane

OPEN

Løype 11B: Hylland - Homvatn

OPEN

Løype 11C: Homvatn - Øyfjell

OPEN

For oppdatert informasjon utanom kommunens opningstider sjå Facebooksidene til skuterklubbane:

Rauland Snoskuterklubb Lenke til et annet nettsted.

Haukeli Skuterklubb Lenke til et annet nettsted.

Møsstrond Snøscooterklubb Lenke til et annet nettsted.

Reiselivsbedrifter kan søkje kommunen om turistløyve.

  • Turistløyve gjev rett til at ein guide kan fylgje opptil 10 skuterar om gongen.
  • Guiden må ha førarkort klasse S
  • Bedrifta må ha løyve frå Statens vegvesen sitt regionskontor for å arrangere gruppeturar med deltakarar som ikkje har førarkort klasse S.
  • Før alle turane skal alle deltakarane gå gjennom opplæring i bruk av snøskuter og ein sikkerheitsgjennomgang.
  • Gruppeturar er berre lov langs trasé 1,2 og 6 mellom klokka 09.00 og 19.00.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?