Reinparken - ein morosam omveg

Reinparken er ein sosial møteplass i Edland, som inneheld sykkelanlegg, jogge/turløype og badeplass. Reinparken er eit samskapingsprosjekt mellom einingane Kultur, næring og fritid og Teknisk drift og infrastruktur i Vinje kommune. Parken er meint å vera eit positivt tilskot til heile Vinje kommune, så vel som turistar og andre forbi- og tilreisande. Det ligg i namnet at «Reinparken» er forankra i temaet villrein.

Gjennom gode medverknadsprosessar, har Reinparken fått ein kvalitet og tilpassing som treff ei brei brukargruppe.

Parken inneheld eit flott sykkelanlegg, som består av pumptrack (asfaltert sykkel bane), hoppline (hoppbakke for sykkel, ferdigheitsløype for sykkel, med ulike nivå.

I løpet av 2025 og 2026, vil det koma opp ein «wallride» (vegg til å sykle på), sosial mingleplass, unike skilt, belysning og badeplass.

Dei ulike delane av Reinparken får særeigne namn. Hittil har me namngjeve:

  • Pumptracken = Kalven
  • Hopplina = Simla
  • Joggeløypa/stien = Reindilten
  • Ferdigheitsløypa = ?
  • Sosial mingleplass = ?
  • Badeplassen = ?

Anlegget blir einaste i sitt slag i Noreg, og det unike med Reinparken er villreintemaet. Tematikken kjem fram i namngjeving, visuelt, informasjonsmessig, og gjennom ulike element i parkområdet. Prosjektgruppa har hatt fokus på bruk av naturlege materiale så langt det let seg gjera, og ein dempa fargebruk for å skape ein god naturleg atmosfære som harmonerer med temaet.

Villreinen, som del av vår identitet og kulturarv, har vist seg å vera svært interessant og spanande kombinert med ein aktivitetspark og møtestad. Me ynskjer gjennom parken å skape eit attraktivt og annleis tilbod til innbyggjarane, hytteinnbyggjarane, og elles dei som oppsøkjer Vinje som nasjonalparkkommune og reiselivsdestinasjon.

Der også morosamt og lærerikt å jobbe saman i ein prosess for å skape ein aktivitetspark utanom det vanlege.

Reinparken er ein del av forskingsprosjektet Samskaping av Aktive Møteplasser (SAM). SAM er eit femårig forskingsprosjekt av og med NMBU, Folkehelseinstituttet, Asplan Viak, Tverga (Ressurssenteret for fysisk aktivitet) og Syddansk Universitet. Forskingsprosjektet skal bringe fram kunnskap om tydinga av kommunale folkehelsetiltak – ved å studere etablering og bruk av møteplassar for aktivitet i nærmiljøet (ref. Tverga).

Kva betyr dette i praksis?

Reint praktisk betyr dette at det er plassert eit kamera mot sykkelparken, og dette kameraet les bilete ved hjelp av kunstig intelligens (KI). Kameraet sender kun punkt: X, Y, Z innafor eit bilete, pluss tid. Det er altså ikkje mogleg å spore kven som har vore der, og kva dei har gjort.

Ved hjelp av verktøyet kan kommunen få meir informasjon om korleis anlegget blir brukt. Dette kan igjen bli brukt for å vidareutvikle anlegga, å planlegge for framtidig bruk av uteområda me utviklar.

Det er berre i Reinparken og Syddansk universitet i Danmark ein testar ut denne nye teknologien – det er kult!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?