Frivilligprisen

  • Frivilligprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
  • OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
  • Frivilligsentralen legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og bli vurdert.
  •  Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 01.12. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, som ein sender til Frivilligsentralen.
  • Frivilligprisen bli tildelt ein person, lag eller organisasjon som utmerker seg med friviljug innsats og engasjement for Vinje kommune. Prisen skal honorere det friviljuge arbeidet som er lagt ned over ein lengre periode, eit tidsavgrensa prosjekt eller aktivitet som er av betydeleg omfang.
  •  Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 20.000,- .
  • Prisen kan ikkje delast.

Ordførar i samarbeid med prisvinnar avgjer korleis kulturprisen skal delast ut. Utdelinga kan skje på eit kommunestyremøte eller eit høveleg ope arrangement i regi av Vinje kommune.

ÅrNamn

2024

Gunn Marit Bendiksen Homleid

2023

Bård Øien 

2022

Harald Rishovd

2021

Nelly Hermansen

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?