Kultur- og idrettsstipend

Er du mellom 16 og 25 år og har eit talent eller interesse utanom det vanlege innan sport eller andre kulturaktivitetar?

Då kan du søkje Kulturstipend eller Idrettsstipend – kvar på kr 25 000,-

Intensjonen bak desse stipendmidlane er å vidareutvikle din dugleik og interesse.

Stipenda blir lyst ut i november kvart år, i Vest-Telemark blad, heimesida og sosiale media.

Søknadsfristen er 1. desember

  1. Kvart år vert det utlyst to stipend, eit Kulturstipend og eit Idrottsstipend, kvar på kr 25 000,-
  2. Utøvarar som har heimeadresse i Vinje, og som er mellom 16-25 år, kan søkje.
  3. Same utøvar kan få stipend inntil to gonger, men ikkje to år på rad.
  4. Søkjarane må kunna dokumentere dugleik, talent og interesse utanom det vanlege på sitt område. Tilrådingar frå lag/organisasjonar og personar som meinar søkjaren er kvalifisert til å få eit Kultur – eller Idrottsstipend, kan leggjast ved søknaden.
  5. Intensjonen er at stipendmidlane skal føre til ei vidareutvikling av interesse og dugleik. Det må difor gå fram av søknaden kva midlane skal nyttast til.
  6. Idrottsråd og Eining for kultur vurderer søknadane og gjev sine fagleg råd innstilling. Eining for kultur legg fram ei sak med desse tilrådingane til Oppvekst- og velferdsutvalet som gjer endeleg vedtak om tildeling av stipenda.
  7. Intensjonen er at stipenda skal delast ut årleg. Men dersom tildelar finn at ingen av søkjarane er kvalifiserte, kan dei avsette stipendmidlane nyttast til ungdomsprosjekt.
  8. Det skal brukast eige søknadsskjema.
  9. Utlysing 1. november

Vedteke i Oppvekst og velferdsutvalet 03.02.2010

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?