Styrketreningsrom

I Vinje har me tre kommunale styrketreningsrom, som ligg i Åmot, Edland og Rauland. Styrketreningsromma skal vera lågterskeltilbod, som skal bidra til god folkehelse.

Aldersgrensa for å trene på eigehand i styrketreningsrommet er 16 år.

Ungdom mellom 13 og 16 år kan trene om dei er saman med ein føresett som har nøkkelkort. Dei kan ikkje trene aleine eller ha eige nøkkelkort.

Dette må du gjera før du kan nytte treningsrommet:

  • Vel det abonnementet du ynskjer (månadskort eller sesongkort), og gjennomfør betalinga.
  • Sesongkort er enten vårhalvåret eller hausthalvåret.
  • Du får kvittering på kjøpet på oppgitt e-postadresse.
  • Ta skjermbilde av kvitteringa for kjøpt abonnement, og send sms til vaktmeistar på staden du skal trene, slik at han kan oppdatere kortet ditt.

  • Vel “Nykelkort styrkerom”, og gjennomfør betalinga
  • Du får kvittering på kjøpet på oppgitt e-postadresse 
  • Du må hente kortet hjå vaktmeistar på staden du skal trene, sjå kontaktino for telefonnr.
  • Vis kvittering for kjøpet når du skal hente kortet 

Har du allereie eit nøkkelkort, må dette oppdaterast ved nytt abonnement:

  • Ta skjermbilde av kvitteringa for kjøpt abonnement, og send sms til vaktmeistar på staden du skal trene, slik at han kan oppdatere kortet ditt.

Før du skal trene må du reservere tid i styrkerommet

Aldersgrense for å trene på eigehand i styrkerommet er 16 år. Er du mellom 13-16 år må du ha med deg føresett over 18 år. Alle må reserevere tid for å trene i styrkeroma.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?