Finansiering og støtteordningar

Her finn du informasjon om kommunale støtte- og tilskotsordningar for næringslivet. Du finn også informasjon om nokre av dei viktigaste regionale og statlege ordningane.

For å stimulere til vidare samfunns- og næringsutvikling, blir det opna for at kommunen i særlege tilfelle, etter politisk vurdering, kan gje bidrag/økonomisk støtte til einskildbedrifter/enkeltprosjekt, jf. Næringsplanen.

Søknadane vert vurderte i høve til desse retningslinene.

Rammer:

  • Søknaden må gje ein utfyllande skildring av prosjektet/tiltaket/bedrifta.
  • Det skal vektleggast om prosjektet/tiltaket/bedrifta bidrar til å etablera eit nytt tilbod som ikkje eksisterer i kommunen frå før.
  • Søkar må ved søknad leggje fram ei grundig marknad og økonomisk analyse for heile prosjektperioden. Den økonomiske analysa må også innehalde eit likviditetsbudsjett/investeringsbudsjett og eit oppsett på finansiering.
  • Lønskostnader kan ikkje utgjera meir enn 40% av budsjettet.
  • Søkar må i søknad kunne vise til tilstrekkeleg eigenkapital. Minst 20% eigenkapital.
  • Tilskottet som ytast kan ikkje overstige 30% av kapitalbehovet.
  • Søkar pliktar å opplyse om søkar tidlegare har mottatt eller fått tilsegn om annan finansiell støtte til tiltaket/prosjektet/bedrifta.
  • Tilskottet må vera i tråd med gjeldande EØS-reglar for bagatellmessig støtte. Samla offentleg støtte kan ikkje overstige 300.000 euro over ein periode på 3 rekneskaps år.
  • Vurdere om verksemda/organisasjonen unnateke EØS regelverket.
  • I saksutgreiinga må det vurderast om tiltaket/prosjektet/bedrifta vil/kan bidra til etablering av nye (fulltids) arbeidsplassar (i privat sektor i kommunen).
  • Søknader om støtte skal handsamast politisk.

Fylgjande skal bli vurdert når søknaden handsamast:

  • Om tiltaket/prosjektet vil bidra/føre til auka verdiskaping og sysselsetting i Vinje kommune
  • Om føresetnadar, planar og budsjetter er realistiske og om tiltaket/prosjektet gir gevinst og at kontantstraum viser positivt resultat.
  • Er i tråd med Vinje kommune sine planar og strategiar.
  • Om tiltaket/prosjektet vil bytte ut maskinpark/utstyr/produksjon med ny teknologi og/eller klimavenlege løysingar.
  • Innovasjonsgrad. Kor nyskapande er tiltaket/prosjektet eller bedriftas øvrige verksemd?
  • Om støtta er avgjerande for at tiltaket/prosjektet/bedrifta skal kunne gjennomførast.
  • For store bedrifter må støtta også bidra til endring i omfang, størrelse, gjennomføringsfart eller ressursallokering som ikkje ville skjedd utan støtta.
  • Om bedrifta har evne til å gjennomføre tiltaket/prosjektet og utnytte resultata av det.
  • Bedriftas konkurranseevne og eventuelt konkurransevriding.
  • Støtte til drift kan kun i særskilte høve gjevast og skal grunngjevast godt.
  • Relasjonen til eventuelle samarbeidspartnarar som er kritiske for bedrifta eksistens og leveringsevne, eller som skal bidra med kompetanse eller finansiering i tiltaket/prosjektet.
  • Sikkerheitsdekning for lån og bedriftas evne til å betene gjeld.
  • For saker som gjeld næringsstøtte skal kvalitetssikringsskjema fylgje saka. I saksutgreiinga skal det tydeleg koma fram om søknaden oppfyller retningslinene eller ikkje.

 

Det blir ikkje gjeve tilskott til:

  • Innkjøp av varelager og investeringar i lett omsettelege varer.
  • Transportmidlar, firmabilar og vedlikehald av desse.
  • Aksjekjøp (emisjon, eller medlemstilskott i andre organisasjonar)

Utbetaling:

  1. Når det i prosjektet har påløpt meir enn halvparten av budsjetterte kostnadar, kan halvparten av løyvd tilskott utbetalast. Påløpte kostnadar skal dokumenterast og stadfestast av godkjent regnskapsførar.
  2. Når tiltaket er gjennomført skal det leverast ein sluttrapport med tilhøyrande rekneskap.
  3. Tilskottet utbetalast høvesvis etter godkjent rekneskap, likevel ikkje utover vedtatt tilsegnsbeløp.
  4. Viss ikkje tilskottet er oppmoda utbetalt i samsvar med vedtak som ligg til grunn for løyvinga innan 2 år frå vedtaksdato, vil tilskottet automatisk falle bort. Det kan søkast om utsetting. Søknad om utsetting må vera velgrunna og sendes Vinje kommune seinast 2 månader før fristen er ute.
  5. Prosjektet/bedrifta som har mottatt tilskott, får ei bindingstid i Vinje kommune på 10 år, og rekneskap for drifta skal vera tilgjengeleg for Vinje kommune dei fyrste 5 år etter at tilskottet blir gitt.
  6. Dersom bedrifta avviklar eller flyttar frå kommunen før bindingstida er ute, kan tilskottet krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis.
  7. Tiltakshavarar under 41 år kan be om 50 % av kostnadene ved oppstart.
  8. Endring av eigarskap eller kontroll av bedrifta i løpet av prosjektperioden må orienterast til kommunen, om dette fører til større endringar i prosjektet kan kommunen vurdere å trekke stønaden.

Søknadsskjema

Skjema for søknaden ligg under boksen skjema, nederst på denne sida.

Vinje kommune støttar tiltak og investeringar i landbruket som medverkar til auka lønsemd, produksjon, tal bruk i drift, rekruttering og busetjing. 

Lenke til meir informasjon og søknadsskjema

Telemark utviklingsfond vart etablert i desember 2009. Fondet skal være eit verkemiddel for å skape og underbygge ei positiv befolkningsutvikling og næringsutvikling i alle delar av det som utgjer Telemark fylke på det tidspunktet fondet vart oppretta. Fondet skal særleg støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang. Fondet byggjer på eit grunnleggande prinsipp om berekraftig utvikling. 

Les meir på fondet sine nettsider Lenke til et annet nettsted.

Du finn retningslinene til søknad her pdf, 102 kB, åpnes i nytt vindu.

Søknaden sender du på brev til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.no

Har du spørsmål til dette kan du ta kontakt med landbruksrådgjevar Thor Christiansen på e-post: thor.christiansen@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?