Bålbrenning
Det er forbode å brenne bål i nærleiken av skog og utmark mellom 15. april og 15. september jf. forskrift om brannforebygging.
Brenning utanom dette tidsrommet skal godkjennast av brannvesenet ved leiar beredskap eller brannvakta i Vinje.
Kva har du ansvar for ved bålbrennig
Den som ynskjer å tenne bål er sjølv ansvarleg for brannsikkerheit, og vil stå økonomisk ansvarleg dersom brannen kjem ute av kontroll. Brannvesenet kan også stille vedkommande økonomisk ansvarleg for ei eventuell utrykking dersom det kjem klager grunna røyk eller liknande som krev at bålet må sløkkast.
Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode jf. forureiningslova.
Kvar melder du ifrå om bålbrenning
- Bålbrenning skal rapporterast inn til brannsentralen via telefonnummer 33 31 41 10.
- Du må oppgje namn, adresse, kva som skal brennast og tidspunkt..
Sankthansbål:
- Søknad til leiar beredskap eller brannvakta i Vinje.
- Det må ligge føre løyve frå grunneigar.
- All bålbrenning skjer på eige ansvar.
Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan bli krevd dekt av bålbrennar.
Meir informasjon
Sist oppdatert
