Bandtvang
Det er generell bandtvang i Vinje frå 1. april – 20. august, jf. Lov om hundehald (hundelova)
Les lova her Lenke til et annet nettsted.
Utvida bandtvang i Vinje
I Vinje kommune er det lokal forskrift om utvida bandtvang.
Les forskrifta her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
I denne forskrifta står det:
Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn:
a) I maskinpreparerte skiløyper heile vintersesongen
b) I utmark der bufe beiter til 10. oktober
c) På inngjerda mark der bufe beiter fram til 1. november
Unnatak er dei høve som er nemnde i hundelova §9, Unnatak frå sikringsregelen.
Kart for beiteområde i Vinje finn du her pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
