Storviltjakt på Berunuten
Alle som stettar dei krava viltlova set for å gå på jakt kan søkje om jakt på rein og elg. Dei som er fast busett i Vinje kommune blir prioritert fyrst. Les viltlova her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Søknadsfristen er i juni og blir informert om på Vinje kommune si heimeside og i innbyggjarappen vår kvart år.
- Du søkjer om jakt på vinjenett.no.
- Søknadstidspunktet har ikkje noko å sei for om du får kort eller ikkje, du kan altså søkje rett før fristen går ut.
- Beløpet for kortet blir trekt når du søkjer. Dersom du ikkje får tildelt kort får du refundert beløpet kort tid etter søknadsfristen er ute.
- Alle som får tildelt villreinkort i fyrste tildeling får tilsendt kort i posten. Kortet kan ikkje seljast vidare.
- Styret oppmodar spesielt 16 -18 åringane til å søkje. Det er eigen kvote for desse. Det er halv pris for ungdomskortet.
- Dersom det er fleire søkjarar enn det er kort, blir det trekt ei reserveliste. Her er også dei som er fast busett i Vinje prioritert.
- Dei som jaktar elg må ha tilgang på ettersøkshund.
Sist oppdatert
