Klimaplan i Vest-Telemark
Vest-Telemark kommunane, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal har gått saman om å utarbeide felles plan for klima 2022-2030.
Kommunane har i 2025/2026 vedteke ei mindre rullering av handlingsplanen til klimaplan i Vest-Telemark.
I Vinje vart handlingsplanen vedteke i kommunestyret 18. november 2025. Det er ein stor og omfattande plan med ein hovuddel med kunnskapsgrunnlag på nasjonalt og regionalt nivå, samt ein handlingsplan med tiltak innanfor 7 satsingsområde.
Hovudmål:
Kommunane i Vest-Telemark skal redusere det totale klimaavtrykket frå eiga verksemd, ta vare på naturmangfaldet og vera pådrivar for klimavenlege løysingar i regionen i samsvar med nasjonale føringar og målsetjingar
I handlingsplanen er fylgjande satsingsområde omtala med tiltak:
- Arealforvaltning
- Jordbruk
- Skogbruk
- Sirkulær økonomi og avfall
- Transport
- Innkjøp
- ENØK
Oppfylging:
Det er oppretta eit klimaforum for å hjelpe kommunane gjennomføre tiltaka i klimaplanen. I klimaforumet er det representantar frå alle kommunane, og Vest-Telemarkrådet har tilsett ein klimakoordinator som skal organisere møta i forumet og trygge framdrift i koordinering og iverksetting av tiltak. Kommunane kan sjølv prioritere tiltak i handlingsdelen ut frå kapasitet og økonomi. Klimaforum fylgjer også opp gjennomføring av tiltak i fellesskap for å nå måla i planen. Klimaforum arbeider for kunnskapsutveksling og kompetanseheving i kommunane innan dei sju tema i planen. Mandatet til klimaforum er å prioritere, initiere og gjennomføre/koordinere tiltak i handlingsdelen – dette er eit viktig samarbeid for å nå nasjonale, regionale og lokale mål i klimautfordringane.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål om planen eller ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med Anne-Sofie B. Strømme, plan- og miljørådgjevar på telefon 48 11 84 29 eller e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no
Sist oppdatert
