Miljøfyrtårn

Vinje kommune er Miljøfyrtårnsertifisert, og har som mål å sertifisere alle underliggjande verksemder i kommunen.

Alle sertifiserte verksemder i Vinje kommune utarbeider ein årleg Klima- og miljørapport. Ynskjer du å lese desse rapportane kan du få dei tilsendt på e-post.

Send førespurnad om klima og miljørapport på e-post til postmottak@vinje.kommune.no  

Miljøfyrtårn er eit miljøleiingssystem for offentlege og private verksemder, som ynskjer å dokumentere sin miljøinnsats. Gjennom heilskapleg og langsiktig arbeid med miljøleiing, skal kommunen betre sine miljøprestasjonar, redusere klimagassutsleppa, og bidra til å vera ein berekraftig kommune.  

Arbeidet med miljøfyrtårn er delt inn i 2 delar:

  1. Miljøkartlegging 
  2. Årleg klima- og miljørapportering 

Miljøfyrtårn tek for seg 5 tema: 

  • HMS 
  • Transport
  • Energi
  • Avfall 
  • Innkjøp

Som Miljøfyrtårnbedrift får du hjelp til å setje i verk konkrete og lønsame berekraftstiltak, som er viktig for verksemda si konkurransekraft i åra framover. Ei Miljøfyrtårnsertifisering kan også bidra til å styrkje merkevare, redusere sjukefråvær, redusere kostnadar og vera eit kvalitetsstempel for verksmeder. Les meir her, på miljofyrtårn.no Lenke til et annet nettsted.

For å vera eit Miljøfyrtårn må verksemda fyrst bli sertifisert, så må den kvart år levere ein klima- og miljørapport. Verksemda blir resertifisert kvert tredje år.

Miljøfyrtårn passar for alle typer verksemder, frå små og mellomstore verksemde, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Miljøfyrtårn har i dag over 80 bransjekriterie, som betyr at Miljøfyrtårnarbeidet er tilpassa rammene for den enkelte verksemd. 

Les meir om korleis du blir sertifisert her Lenke til et annet nettsted.

Verksemder i kommunen som er miljøfyrtårnsertifisert

  • Kommunehuset, resertifisert i 2026
  • Norheimstunet, 2024
  • Øyfjell oppvekstsenter avdeling skule, 2024
  • Edland skule, 2024
  • Rauland skule, 2025
  • Edland barnehage, 2025
  • Åmot barnehage, 2025
  • Øyfjell oppvekstsenter avdeling barnehage, 2025
  • Bruli bufellesskap avd. psykisk helse og rus, 2025
  • Svingen og Reini bufellesskap avd. funksjonshemmet, 2025
  • Heimetenesta i Åmot, 2025
  • Rauland omsorgssenter, 2025

👉 Her kan du sjå ei samla oversikt over sertifiserte verksemder i Vinje kommune pdf, 189 kB, åpnes i nytt vindu.

Kommunen er no resertifisert som Miljøfyrtårn for tre nye år.

I desember 2025 og januar 2026 gjennomførte miljøgruppa ei grundig resertifisering av hovudkontoret og kommunehuset, der arbeidet med miljø, klima og arbeidsmiljø blei gjennomgått og oppdatert. Prosessen omfatta ny miljøkartlegging, vurdering av mål og tiltak, dokumentasjon av utviklinga sidan førre sertifisering, og innarbeiding av eventuelle nye krav. Ein ekstern sertifisør frå Miljøfyrtårn gjennomførte revisjon 30. januar 2026, og kommunen vart godkjend for ein ny treårsperiode – eit viktig bidrag til kontinuerleg forbetring og systematisk miljøstyring.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?