Vassforvaltning
Vassforvaltning handlar om å arbeide med å sikre vasskvalitet i ferskvatn som opprettheld artar og økosystem i vatn og vassdrag. For å arbeide med dette er vassdraga fordelt på område og regionar, og inndelinga av desse fylgjer nedbørfelta. Kommunane i eit vassområde må forvalte vatna sine saman, og fylka må samarbeide om vassområda som kryssar fylkesgrensene.
Kvart år gjennomfører Tokke-Vinje vassområde ei overvaking av innsjøar og elvar i kommunen. Dette er ein del av vassforvaltningsarbeidet Noreg er forplikta til gjennom EU sitt vassrammedirektiv, og vert gjort for å fylgje opp nasjonale miljømål om god tilstand i vassdrag.
Enkelte elvar eller innsjøar blir valde ut for å fylgje opp ulike tiltak for godt vassmiljø, eller for å kartleggje område der det finst lite data om tilstanden i vatnet.
Eutrofiering
Hovudfokuset på vasskvalitet på kommunalt nivå er ofte knytt til eutrofiering. Eutrofiering vil seie overgjødsling av vatnet med næringsstoff, slik at me får ei oppblomstring av algar eller cyanobakteriar. I tillegg til å vere potensielt skadeleg for livet i vassdraget, kan cyanobakteriar òg vere giftige for dei som brukar vatnet.
Eutrofiering kjem av for mykje næringsstoff i vatnet, og ofte stammar det frå auka avrenning frå avløp og overløp, og frå landbruk. For å undersøkje vasskvalitet i samband med eutrofiering og overgjødsling blir det teke prøver for å kontrollere nivåa av fosfor og nitrogen. I tillegg kan det gjerast undersøkingar på fisk, algar og insekt for å sjå korleis det står til i vatnet.
Feltarbeid
I den årlege overvakingsrunden i Tokke og Vinje reiser feltarbeidarar rundt i kommunane og samlar inn prøver, anten ved å ta vasskjemiske prøver, eller ved å undersøkje fisken, insekta som lever i vatnet eller algar i innsjø og elv. Mange lokalitetar har vore undersøkte i årevis for å få lange tidsseriar, medan andre er nye kvart år. Sjølv om det blir teke mange vassprøver kvart år, er framleis mange elvar i vassområdet lite undersøkte, og det blir jobba med å betre kunnskapsgrunnlaget for vassførekomstane.
Korleis er vatnet i Vinje?
Vatnet i Vinje er hovudsakleg av svært god kvalitet, og det er generelt lite påverknad på vatn i kommunen. Å ta vare på den gode vasskvaliteten er eit kontinuerleg arbeid som gir fordelar for alle som brukar vatnet, anten det er dyr i skogen eller på beite, fritidsfiskarar eller badegjester.
Korleis tek me vare på den gode vasskvaliteten?
Der det blir oppdaga avrenning av næringsstoff til vatn, har kommunen god dialog med grunneigarar for å finne løysingar saman. For å hindre avrenning finst det mange ulike tiltak, og mange av dei er enkle å gjennomføre.
- Gjødselvareforskrifta fastset bruk, oppbevaring og tider for spreiing av gjødsel, med fokus på å behalde god vasskvalitet.
- Gode kantsoner til vatnet, gjerne med vegetasjon som buskar og tre, vil bidra til å ta opp ekstra avrenning før næringsstoffa hamnar i elva eller innsjøen.
- Oppgradering av kommunale og private reinseanlegg reduserer òg mengda utslepp ved å hindre overbelastning på anlegget. Her blir òg innsjøane med utslepp frå reinseanlegga overvaka jamleg.
Med klimaendringar og auka nedbør blir det endå viktigare å gjere gode tiltak for å sikre den gode kvaliteten på vatnet.
Neste gong du ser nokon som er ute og tek vassprøver i kommunen, sei gjerne hei og slå av ein prat om vatn 🙂
Meir informasjon
For å lese meir om vasskvalitet, kantsoner og tiltak har NIBIO mange populærvitskaplege artiklar om temaet:
- Vegetasjon som miljøtiltak i jordbruket: variantar, tilskot og lovverkLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
- Kantsoner: renseeffekt av plantedekke mellom jordbruksjord og vassdragLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
- Flomtiltak i landbruksområde Lenke til et annet nettsted.
Vassregion Vestfold og Telemark
Vassregion Vestfold og Telemark består av ti vassområder, og dekkjer vassdraga Numedalslågen, Skiens- Farris-, Auli- og Kragerøvassdraget og tilhøyrande kystområder fordelt på ti vassområder (sjå kartet under). Vassregionen strekkjer seg frå Hardangervidda i nord til Oslofjorden i søraust.
Vassregionen er organisert med ei politisk styringsgruppe, arbeidsutval og referansegruppe. Vidare er dei ti vassområda organisert med eigne styrings- og arbeidsgrupper i tillegg til at det er tilsett eigen vassområdekoordinator. Vestfold og Telemark fylkeskommune er vassregionmyndighet og er ansvarleg den regional vassforvaltningsplanen. Vassforvaltningsplanen syner kva som er miljømåla for åra 2022-2027 for å sikre heilskapleg beskyttelse og bærekraftig bruk av vatnet, og kva tiltak som føreslås for å beskytte, forbetre og rette opp att vassmiljøet for å nå måla som er satt.
Klikk her for å sjå den regionale planen Lenke til et annet nettsted.
Vinje kommune er knytt til fylgjande vassområde i Vestfold og Telemark vassregion
- Tokke-Vinje vassområde
- Aust-Telemark vassområde
- Midt-Telemark vassområde
Vidare har Vinje kommune mindre areal innanfor dessa
- Ryfylke vassområde i Rogaland vassregion
- Otra vassområde i Agder vassregion
- Link til Vann-Nett Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (tilstand/kvalitet på alle vatn og vassdrag)
- Link til VannPortalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (planar, informasjon mm)
Tokke-Vinje vassområde
- Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde – rapport 2025 pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
- Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde – rapport 2024 pdf, 1 MB.
- Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde – rapport 2023 pdf, 1 MB.
- Overvåking av elvar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2022 pdf, 2 MB.
- Overvaking av elvar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2021 pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
- Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2020 pdf, 1 MB.
- Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2019 pdf, 1 MB.
- Fiskebiologisk undersøking i Tveitevatn og Grungevatn i Vinje kommune pdf, 14 MB.
- Sjå meir info om vassområdet på Vannportalen Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert
