Jordbruk

Søknadsfrist

1. juni – eventuelt 1. oktober om det er midlar att.

Det er berre elektronisk søknadsskjema. 

Søknadsskjema finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Formålet med tilskotsordninga

Ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Kven kan søke

Du som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett. Om du leiger, må du ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

I Vinje har me denne prioriteringa

  • Tiltak som tar vare på gamal kulturmark, og legg til rette for oppleving  i kultur¬landskapet – typisk rydding og inngjerding av attgrodd innmark for beitedyr.
  • Tiltak som tar vare på verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet – freda bygningar er ikkje lenger godkjent for tilskot.
  • Turstiar i jordbrukslandskapet – etablering.
  • Miljøtiltak: Tiltak som reduserer forureining frå jordbruket til jord, luft og vatn – overbygg eksisterande gjødsellager

Normal tilskotssats i Vinje ligg på 20-50 % av kostnadsoverslaget avhengig av kor mange saker me får.

Kontaktinformasjon ved spørsmål

Dersom du har spørsmål eller eit prosjekt du vil søke tilskot til, kan du ta kontakt med Jordbruksrådgjevar Thor Christiansen på telefon 95 81 91 80 eller send spørsmålet på e-post til thor.christiansen@vinje.kommune.no

 

Smil tilskotet kan og kombinerast med tilskotsordningane til verneverdige bygningar

Rådgjeving til å ivareta og restaurere verneverdige eldre bygg

Vest-Telemark museum ved bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen tilbyr:

  • enkel synfaring med rådgjeving. Praktiske gjeremål og tekniske løysingar
  • synfaring med utarbeiding av tilstandsvurdering og fotodokumentasjon, og råd til søknad om økonomisk stønad
  • alt innan rammene av eit gratis dagsverk.

Kontaktinformasjon: telefon 46 88 61 38 eller e-post til tap@vtm.no.

Dersom du ynskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen om godkjenning.  Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år.

Meir informasjon og skjema finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

For å omdisponere jordbruksareal, må du søke godkjenning frå kommunen

Meir informasjon om dette finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

For å dele ein landbrukseigedom må du ha godkjenning frå kommunen.

Her finn du meir informasjon om dette Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt i hele eigartida.

Les meir om dette her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Lovbestemt buplikt er for nær slekt eller odelsberettiga som overtar landbrukseigedom. Buplikt kan også setjast som vilkår i konsesjonssak. For små eigedomar kan buplikt vere betinga for konsesjonsfridom i ein kommune med forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrense). Vinje kommune har nedsett konsesjonsgrense.

Les meir om buplikt her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?