Viltforvaltning
Jakttider i Vinje 2025
- Rådyr: 10. august til 23. desember
- Villrein: 20. august til 22.september
- Hjort: 1. september til 23. desember
- Elg: 25. september til 23. desember
Hjortevilt
I forskrift om forvaltning av hjortevilt finn du nærare omtale av kva for krav som gjeld ved opning av jakt på hjortevilt, krav til vald og bestandsplanar.
I Vinje er forvaltninga av elg- og hjortebestanden planbasert, det vil sei at desse artane blir forvalta etter 3 årige bestandsplanar, godkjend av kommunen.
Forvaltninga skjer gjennom Vinje bestandsplanområde som består av 8 vald. I tillegg til dette 5 enkeltståande vald.
Vinje viltråd blei etablert i 2008. Rådet er samansett av ein representant frå alle storvalda i kommunen samt leiar i Plan- og miljøutvalet. Administrasjonen er med som sekretær for rådet.
Rovvilt
Rovviltberedskap
Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skadedokumentasjon og praktisk gjennomføring av bestandsregistreringer.
Rovviltet blir forvalta i 8 regionar, der Vinje er med i region 2.
Meir om forvaltninga i region 2 finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kadaverfunn
Ved funn av kadaver er det viktig at du melder ifrå til beitelag/dyreeigar.
Merk kadaveret så godt som mogleg.
Fallvilt og ettersøk
Fallvilt er all vilt som er skada, sjukt eller daudt i naturen.
Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er eigd av kommunen.
Fallvilt av andre artar er eigd av det statlege viltfondet.
Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eige fallviltgruppe som handterer dette.
Oppgåvene til gruppa er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:
- Fallvilt
- Skada vilt som må avlivast
- Vilt som fellast som skadedyr
- Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt
Dyr som kan nyttast til mat skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert seldt til inntekt for viltfondet.
Påkjørsel av vilt skal varslast til politiet på 02800
Ettersøksavtale
Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje. Etersøksevipasje er hund og førar som er godkjent til å påta seg oppdrag på vegne av det offentlege.
Dersom du ikkje har dette sjølv eller i eige jaktlag må de inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje.
- Skjema for å søke om ettersøkshund, finn du lengre ned på sida under skjema.
Villrein
Villreinvettreglane:
📍Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt i vitje.
📍Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai. Nokre stadar kan det vere ferdselsforbod.
📍Fylg merkte løyper.
📍Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
📍Hald deg i ro om du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrra
📍Bruk kikkert og hald avstand.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
