Salsløyve
Når treng du salsløyve?
Butikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve.
Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.
Løyvet blir gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta
Korleis få salsløyve?
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Lenke til skjema finn du i boksen skjema lenger ned på denne sida.
- I søknaden må det vera opplysningar om salsstaden, eigarforhold og kven som skal vera styrar og vara
- Styrar og vara for salsløyve må ha bestått kunnskapsprøve.
- Søkjar, eigar, styrar, vara og eventuelt andre med vesentleg innflyting på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel.
Handsaming
Søknadar om salsløyve blir handsama politisk i Oppvekst- og velferdsutvalet (OVU).
Søknadane blir sendt til politiet og skatteetaten for uttale.
Det kan ta opp til 3 veker før me har fått uttale frå desse etatane.
Kva må du gjera når det er endringar ved salsstaden
Løyvehavar pliktar straks å melde ifrå til kommunen dersom styrar eller vara sluttar, dersom det skjer eit eigarskifte, ved flytting i andre lokal, ved avvikling eller liknande.
Omsetningsoppgåve
Alle som har salsløyve må kvart år betale eit gebyr til kommunen.
Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som blir selt.
Det er eit minimumsgebyr som blir fastsett i loven.
Opplysningar om antal liter som er selt skal rapporterast til kommunen på elektronisk skjema innan 1. mars., kvart år.
Sist oppdatert
