Serveringsløyve
Når treng du serveringsløyve?
Skal du starte opp/drive ein serveringsstad som skal selje mat og- eller drikke, må du ha eit serveringsløyve. Du må søkje kommunen om dette løyvet.
Serveringsløyvet blir gjeve til den som har det økonomiske ansvaret for drifta av serveringsstaden.
Ved fast skjenkeløyve må det også ligge ved eit serveringsløyve.
Korleis få serveringsløyve?
Søknad om serveringsløyve må du sende på elektronisk søknadsskjema. Lenke til skjema finn du i boksen lenger ned på sida som heiter skjema.
- I søknaden må du gje opplysningar om serveringsstaden, eigarforhold, kven som skal vera dagleg leiar og i enkelte tilfeller planteikning over serveringsarealet.
- Dagleg leiar skal ha det reelle ansvaret for den daglege drifta, vera over 18 år og ha bestått etablerarprøva Åpnes i nytt vindu..
- Kopi av bestått prøve må ligge vedlagt søknaden.
- Løyvehavar, dagleg leiar og eventuelt andre med vesentleg innflytelse på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel.
Handsaming
Søknadar blir handsama administrativt.
Søknadane blir sendt for uttale til politiet, leiar for Vinje helse og omsorg og skatteetaten.
Det kan ta opp til 3 veker før me får uttale av desse etatane.
Kva må du gjera når det er endringar ved serveringsstaden
Løyvehavar må melde ifrå til kommunen dersom det er skifte av dagleg leiar, vara eller serveringsstaden flytter inn i andre lokaer, blir avvikla eller liknande.
Sist oppdatert
