Tidsavgrensa skjenkeløyve
Når treng du tidsavgrensa skjenkeløyve?
All skjenking der det blir tatt betalt for alkohol, krev eit skjenkeløyve.
Dersom det skal servererast alkohol på arrangement for lag, klubbar, kundekveldar, utstillingar, kviss m.m., må det bli søkt om tidsavgrensa skjenkeløyve.
Når treng ein ikkje skjenkeløyve?
Ein treng ikkje skjenkeløyve i offentleg lokale dersom eigar, leigar, drivar eller ansatt brukar lokala til eige slutta lag, som f.eks bryllup eller jubileum.
Deltakerane må ha ei tilknyting til den som inviterar, vera personleg invitert, meldt på før arrangementet startar og personkretsen kan ikkje vera open for utenforståande.
Kva krav må du oppfylle?
- Du som søker må vera fylt 20 år.
- Det må vera ein person som er ansvarleg for skjenking. Skjenkeansvarleg må vera fylt 20 år og ha uklanderleg vandel. Kommunen hentar difor ei uttale frå politiet.
- Ved større arrangement må det vera to skjenkeansvarlege.
Søknadsfrist
Søknad må du sende inn i god tid før arrangementet, minst ein månad før.
Ved større arrengement må søknaden sendast inn minst tre månader før.
Gebyr
Du betaler for kvart tidsavgrensa løyve. Prisen blir fastsett etter kor mange personar arrangementet er for.
Faktura for løyve blir sendt bevillingssøkar.
Pristabell finn du i boksen lenger ned på denne sida.
Slik søker du
Send inn søknad. Søknadsskjema finn du i boksen skjema lenger ned på denne sida.
Dokumentasjon som må legges ved søknad til store arrangement
Ved større arrangement må du ha med ein del tilleggsopplysningar:
- Områdekart, og godkjent avtale om bruk av området
- Godkjenning frå politiet
- Avklaring rundt vakthald, sikring og sikkerhetsplan
- Nabovarslingsliste
Dokumentasjonen kan du eventuelt ettersende på e-post til postmottak@vinje.kommune.no
Handsaming
Søknadar om tidsavgrensa skjenkeløyve blir handsama administrativt.
Søknadane blir sendt til politiet for uttale og vandelssjekk.
Det kan ta opptil 3 veker før me får uttale av denne etaten.
Sist oppdatert
