Fakturaer og betaling

Vinje kommune sender ut faktura på fleire måtar - du vel sjølv korleis du vil motta faktura frå oss.

Enkelte tenester kan du også betale med vipps.

Lågare meirverdiavgift på vatn og avløp

Stortinget har vedtatt at meirverdiavgifta (MVA) for vatn og avløp skal reduserest frå 25% til 15% - ei ordning som skal gjelde frå 1. juli 2025.

  • Endringa omfattar kommunale gebyr for vatn, avløp og slamtømming – inklusive septiktank- og minirenseanlegg.
  • Faktura frå og med juli vil difor ha endra meirverdiavgift til 15%
  • For dei som har årleg faktura/ein faktura i året, vil reduksjonen påverke betaling for 2026 - dette gjeld og vassmålaroppgjer i 2026.

Alle som ynskjer eFaktura frå Vinje  kommune må krysse av for «Ja takk til alle» i sin nettbank.

Bedrifter kan då nytte opplysningane den har om deg, som namn, adresse, eventuelt mobilnummer og epostadresse, til å søke opp din unike eFakturaadresse og sende deg eFaktura.
Efaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av vare og teneste frå bedrifter, dersom du har takka «Ja takk til alle» på ei betalingsflate som tilbyr eFaktura.
Du mottar eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank og dei må godkjennast eller slettast der.

Me oppmodar alle til å velje eFaktura! Då unngår ein feil ved betaling, og færre papirfakturaer. 

eFaktura fungerar ikkje mot organisasjonsnummer, bare personnummer. Bedrifter må nytte EHF faktura.

Avtalegiro er ein automatisk betaling av rekningar.

Du må opprette betilng av rekning med avtalegiro i banken din. Når avtala er oppretta, blir beløpet automatisk trekt frå kontoen din på forfallsdato.

Du får faktura med post om du ikkje har oppretta Avtalegiro eller eFaktura i nettbanken din.

Du kan få faktura som EHF om du har eit organisasjonsnummer.

Send oss organisasjonsnummeret om du ynskjer EHF faktura.

  • Kommunen sender ut fakturaer ei gong i månaden (rundt den 20.) med forfall den 20. månaden etter.
  • Årlege kommunale avgifter (renovasjon, feiing/tilsyn, vatn og avløp) blir sendt ut månadleg.

Fleksibel fakturering

tilbyr og andre terminval. Du kan då velje mellom:

  • Faktura 4 gonger i året 
  • Faktura 2 gonger i året
  • Faktura 1 gong i året
  • Faktura 12 gonger i året

Kva gjer du om du ynskjer å endre frå månadleg fakturering til eit anna intervall:

Send ein e-post til Tenestetorget her Åpnes i nytt vindu.
Skriv kva terminoppsett du ynskjer, namn, telefonnummer, gards- og bruksnummer og adressa avtalen gjeld.
Har du ikkje moglegheit til å sende e-post, kan du ringe oss på telefon 35 06 23 00.

Når blir terminane fakturert:

4 terminar: Februar, mai, august, november
2 terminar: Februar, august
1 termin: Februar
12 terminar: Kvar månad

Skal du til dømes betale for styrkerom, symjebasseng, jakt, fiske eller overnatting på Berunuten, kan du betale med Vipps på Vinjenett her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  Om du ikkje har vipps kan du også betale til kontonr. 3000 67 16217, og markere innbetalinga med namn og kva det gjeld.

Endre fakturamottakar

Som tinglyst eigar står du ansvarleg for å betale dei kommunale eigendomsgebyra. 
Me kan i enkelte høve (t.d dødsbo, festerett ) endre til ein annan fakturamottakar på utsendingane av avgiftene, du må då sende inn skriftleg søknad med grunngjeving.
Det er tinglyst eigar som er den ansvarlege.

Eigarskifte

Terminene har fastsatte forfallsdatoer og faktura blir ikkje oppdelt ved eigarskifte. Ved eigarskifte så må tidlegare eigar og ny tinglyst eigar bli einige om fordelinga, då kommunen ikkje deler opp faktura. Sjølve faktura går på bustad/eigendom og kommunen har legalpant i bustad/eigendom. Kommunen får beskjed når tinglysninga er klar direkte i gebyrsystemet, og gebyrsystemet blir oppdatert med korrekt tinglyst eigar før kvar utfakturering av kommunale eigendomsgebyr.

Vinje kommune samarbeider med Kredinor for å krevje inn kommunale fakturaer. Det er Kredinor som har ansvaret for å sende ut purringar og utføre inkassotenester på vegne av Vinje kommune.

Tenestene og tilgjengelegheita til Kredinor skal gjera det enklare for dei som skuldar pengar å gjera opp for seg, og fylgje ein eventuell inkassoprosess.

Alle purringar og oppfylging av ubetalte fakturaer blir handtert av Kredinor

Slik mottar du varsel

Det fyrste inkassovarselet som blir sendt frå Kredinor, er ei betalingspåminning, sjølv om brevet er teksta som «Inkassovarsel». Dette er grunna ny inkassolov, samt at Kredinor er eit inkassoselskap som er underlagt Inkassoloven. Det er ingen krav i lovverket som seier at det skal sendast ut ei betalingspåminning før eit inkassovarsel blir sendt ut.

Kontaktinformasjon til Kredinor

For spørsmål om purring eller innkassovarsel kan du kontakte Kredinor

Kundesenter på telefon 22 00 91 00 (ope måndag-fredag 08-21, laurdag 10-15)
Heile døgnet på kredinor.no Lenke til et annet nettsted.
E-post til kundeservice@kredinor.no

Meir informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?