Foreldrerettleiing

TIBIR foreldrerådgjeving

Foreldrerådgjeving er eit gratis tilbod til foreldre med barn i alderen 3-12 år. Gjennom samtale og øving lærer foreldre verktøy for å auke trivsel, meistring og samarbeid. Foreldrerådgjeving vil vera ei hjelp for foreldre til å bidra til ei positiv utvikling hjå barnet.  

Verktøy me brukar i foreldrerådgjeving

  • Gode beskjedar og samarbeid
  • Ros og oppmuntring
  • Grensesetjing
  • Problemløysing
  • Tilsyn/oversikt

Rammer 

  • Rådgjevinga har vanlegvis 3-6 møte, om lag ein time i veka
  • Rådgjevinga vert tilpassa familien sine behov
  • Gjennom samtaler og praktiske øvingar finn me gode måtar å få til eit betre samspel i kvardagen på
  • Foreldre prøvar ut det me har øva på i møte heime

Circle of Security-Parenting (Cos-p) - Tryggleikssirkelen

Cos-p er eit foreldreveiledningsprogram som tar utgangspunkt i tryggleiksirkelen og barn sine behov. 

I kurset legg me vekt på

  • Korleis støtte barnet slik at det opplever tryggleik, god sjølvkjensle og meistring? 
  • Korleis hjelpe barnet med å forstå og handtere eigne følelsar?
  • Korleis sette grenser og rammer for barnet?

Programmet bidrar til meir tryggleik i foreldrerolla, og hjelper foreldre til betre å forstå seg sjølv og barnet i vanskelege situasjonar.  

Rammer

  • Me ser på korte videosnuttar og snakkar om det me ser
  • Me går gjennom 8 kapittel med ulike tema som bygger på kvarandre
  • Det blir sett av mellom 4-6 møte, om lag 1 ½ time per møte

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?