Læringsmiljøteamet
Læringsmiljøteamet (LMT) er eit tverrfagleg rettleiingsteam. Teamet sin overordna visjon er:
- Å førebygge utanforskap ved å jobbe for at alle barn i Vinje skal kjenne at dei høyrer til, og opplever å vere ein verdifull del av fellesskapa i barnehagen, på SFO og på skulen. Dette skal føre til inkludering.
- Å bidra til at barna i Vinje blir trygge, slik at dei kan ta ei aktiv rolle i kampen mot utanforskap og for innanforskap.
Denne visjonen skal teamet jobbe mot:
- Å støtte ulike aktørar i heile utdanningsløpet i arbeidet med å sikre at barn og unge i Vinje har eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Teamet vil kunne bidra i barnehagane og skulane sitt førebyggande arbeid knytt til barna sitt psykososiale miljø. I tillegg vil teamet kunne gje rettleiing til barnehagar og skular i nokon enkeltsaker der barn og unge ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø/skulemiljø.
Læringsmiljøteamet vil ikkje overta saker frå barnehagane og skulane, men vil kunne gje rettleiing ved behov. Teamet ynskjer også å bidra i arbeidet med å sikre eit tettare samarbeid på tvers av opplæringsløpet. Teamet starta opp sitt arbeid hausten 2022 og er framleis i ein utprøvingsfase.
Kven består teamet av?
Teamet består av fagpersonar som arbeider i barnehage, på SFO, i grunnskulen og i skulehelsetenesta.
Samarbeidspartnarar
Læringsmiljøteamet skal samarbeide med fleire ulike aktørar mellom anna: mobbeombodet i Vestfold og Telemark, Vest-Telemark PPT og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. I tillegg vil teamet samarbeide med Vest-Telemark vidaregåande skule og lokalt næringsliv.
Korleis kontakte LMT?
Føresette og tilsette kan kontakte teamet direkte ved spørsmål eller behov for drøfting knytt til tema barnehage- og skulemiljø.
Kva skjer når du tar kontakt?
- Du tar kontakt med ein av oss i LMT og legg fram spørsmålet eller saka di.
- LMT tar det opp i drøftingsmøte, og du får tilbakemelding på kva som skjer vidare.
- Ingenting blir gjort utan ditt samtykke.
Er du usikker på om saka di høyrer til LMT? Ta kontakt så finn me ut av det saman.
Les meir om trygt og godt barnehage- og skulemiljø her
- Kapittel 12 i Opplæringslova, skolemiljøet til elevane
Lenke til et annet nettsted.
- Foreldreutvalget for grunnopplæring - mobbing - foreldre og skulen sitt ansvar. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lenke til et annet nettsted.
- Foreldreutvalget - kva er trygt og godt barnehagemiljø. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lenke til et annet nettsted.
- Læringsmiljøsenteret - Informasjon om Aktivitetsplikten
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert