Praktisk informasjon

For å søkje om permisjon frå undervisning kan du nytte fylgjande skjema: 

Permisjon frå undervisning (KF-255) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovanfor skulen.
FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen, og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt. FAU er heimla i opplæringslova § 11-4

Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ, der alle partar av skulen er representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vera den eine.
SU har rett til å uttale seg om / i alle saker som gjeld skulen.

Referat frå SU møta

Ynskjer du å lese referat frå SU møta, finn du dei på postlista til Vinje kommune. Link til postlista finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Søk opp samarbeidsutvalet i søk feltet, vel dato for den månaden eller året du ynskjer. Du vil då få opp møta til samarbeidsutvalet på dei ulike skulane. Trykk på referatet du ynskjer og bestill innsyn. 
Du vil då få referatet tilsendt til din e-post.

Skulemiljøutvalet har i oppgåve å sikre at skulen har eit systematisk arbeid for å få eit godt skulemiljø. SMU skal vere eit rådgjevande organ for skulen i saker knytta til dette.
Det er skuleeigar og rektor sitt ansvar at alle rådsorgana blir oppretta og fungerer i samsvar med reglane i opplæringslova.

Om du ynskjer informasjon om kven som sit i dei ulike utvala, kan du ta kontakt med barnehagen eller skulen det gjeld.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?