Edland skule

Edland skule ligg i bygda Edland i Vinje kommune. Skulen ligg fint til, omkransa av eit flott kulturlandskap, elva Bora og høge fjell. Her er 79 elevar frå 1.-10.trinn, elevane kjem frå bygdene Edland, Haukeli, Vågslid, Arabygde, Grungedal og Vå. 

Edland skule er ein mobilfri skule med fokus på inkluderande skulemiljø. Skulen er med i programmet Aktiv 365 , der elevane får opplæring i å vera aktivitetsleiarar i friminutta.  Me har òg eit stort skogsområde som elevane nyttar til kreativ leik. Me har fokus på eit godt læringsmiljø der kvar elev skal oppleva skulen som «ein god stad å vera og ein god stad å lære».  Skulen har symjehall og idrettshall.  Kvar haust og vinter har heile skulen fjelltur for alle klassetrinn i i nærområdet til Hardangervidda. Elevane får i grunnskulen vera med på 10 ulike fjellturar.

Skulen arrangerar leirskule i Kragerø, vinterleirskule på Songa og Polentur.

Elevane får kvar dag  servert gratis skulemat på skulen.

Les meir om Vinjeskulen her

Bilde av fotballspelar på Edland

1.-2. trinn går på skulen fire dagar i veka, dei har fri på torsdag.  3.-4. trinn går på skulen fem dagar i veka, dei har fri torsdag i oddetalsveker.   Me satsar på uteskule, lesing i alle fag og eit godt og  inkluderande læringsmiljø i alle fag.

SFO er for 1.-4. trinn.

5.-7. trinn går på skulen kvar dag, men har fri torsdag i oddetalsveker. 
(7. klasse er på skulen kvar 6. torsdagar der dei har naturfag).  7. klasse er på leirskule kvar vår i veke 22.  
Me har kvart år leseprosjekt og arbeider for eit godt og inkluderande læringsmiljø i alle fag.

8.-10. trinn går på skulen kvar dag.  Dei har kortare friminutt enn mellomtrinnet. Ungdomsskulen har i år valfaga innsats for andre  og natur og miljø – Jegerprøva.   8. klasse er på vinterleirskule til Songa kvar vinter. 10. klasse er til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?